19. Likestilling og demokrati

Val

Høgare valdeltaking i Møre og Romsdal

Det var høgare valdeltaking i Møre og Romsdal ved stortingsvalet i 2025 enn  i 2021. Valdeltakinga i fylket auka frå 77,6 prosent i 2021 til 80,4 prosent i 2025, ein auke på 2,8 prosentpoeng. Fylket kan òg skilte med høgare valdeltaking enn landet elles. Valdeltakinga nasjonalt var på 79,7 prosent ved stortingsvalet i haust, ein oppgang frå 77,2 prosent deltaking ved valet i 2021. Valdeltaking var med det 0,5 prosentpoeng høgare i Møre og Romsdal enn snittet for landet.

Per september 2025 er ikkje tala for valdeltaking etter kjønn og valdristrikt publisert hos SSB, berre talet for landet samla. Samanlikna med stortingsvalet i 2021 var valdeltakinga ved stortingsvalet i 2025 høgare både for menn og kvinner. Nasjonalt brukt 81 prosent av mennene og 79 prosent av kvinnene stemmeretten sin ved stortingsvalet i 2025. I stortingsvalet 2021 brukte 79 prosent av mennene og 76 prosent av kvinnene stemmeretten sin. Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2025 auka dermed 2 prosentpoeng for mennene og 3 prosentpoeng for kvinnene, samanlikna med valet i 2021.

Høgast valdeltaking i Sande

Ved stortingsvalet i 2025 var det 84,6 prosent av dei med stemmerett i Sande som nytta stemmeretten sin. Med dette var Sande den kommunen i fylket med høgast valdeltaking. Etter Sande var deltakinga best i Giske med 83,7 prosent og i Volda med 83,3 prosent valdeltaking. Lågast valdeltaking var det i Surnadal og Kristiansund med 75,0 og 76,5 prosent valdeltaking. Det var jamt over god valdeltaking i kommunane i Møre og Romsdal. I 18 av kommune var det høgare deltaking enn snittet for landet.

Frp valvinnar i Møre og Romsdal

Ved stortingsvalet i haust fekk Fremskrittspartiet (Frp) størst del av stemmene i Møre og Romsdal. Frp fekk 32,3 prosent av stemmene, følgt av Arbeiderpartiet (Ap) som fekk 23,6 prosent. Frp fekk flest stemmer i 20 av kommunane i fylket. Flest stemmer fekk dei i Herøy med heile 44,3 prosent av stemmane. Ap fekk flest stemmer i dei 7 resterande kommunane i fylket, best valresultat fekk dei i Sunndal med 42,9 prosent av stemmane.

Meir informasjon om valresultatet for kvar kommune finn du på Valdirektoratet sine nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: