9. Utdanning og kompetanse

Fagopplæring - lærebedrifter

Auke i talet på lærebedrifter

Lærebedriftene er særs viktige for utdanninga av fagarbeidarar både i Møre og Romsdal og i landet elles. Samarbeidet mellom skuleeigar og det lokale arbeidslivet er viktig for å sikre tilstrekkeleg med læreplassar. Dette er avgjerande for elevane som skal fullføre yrkesutdanninga si, men òg viktig for samfunnet og arbeidslivet som treng fagarbeidarar innanfor ei rekke fag både i privat og offentleg sektor.

Talet på godkjente lærebedrifter har auka mykje dei siste 10 åra. I 2014-2015 var det 1402 godkjente lærebedrifter i Møre og Romsdal, dette har auka til 1 710 godkjente lærebedrifter i 2023-2024. Dei siste 10 åra har det med andre ord blitt nærare 500 fleire godkjente lærebedrifter i fylket.

Ikkje alle godkjente lærebedrifter har til ei kvar tid lærlingar, men talet på bedrifter som har lærlingar har auka i takt med talet på godkjente lærebedrifter. I 2014-15 var det 1 058 lærebedrifter som hadde ein eller fleire lærlingar, noko som auka til 1 230 lærebedrifter i 2023-2024. I 2023-2024 er det altså 480 godkjente lærebedrifter som ikkje har lærling i si bedrift.

Flest lærebedrifter i Ålesund

At det er flest lærebedrifter i Ålesund er vel ikkje så uventa med tanke på kommunestorleiken. I 2023-2024 var det 256 lærebedrifter i Ålesund som hadde lærling(ar), til samanlikning var det same år 172 og 107 lærebedrifter i Molde og Kristiansund. Samansetninga av det lokale arbeidslivet er sjølvsagt avgjerande for talet på lærebedrifter. Det er fleire eksempel på små og mellomstore kommunar med relativt mange lærebedrifter. Eit døme er Averøy der 23 lærebedrifter hadde lærling i 2023-2024, eit anna døme er Rauma som hadde 44 lærebedrifter med lærling dette året. Det er viktig å legge til at talet på lærebedrifter ikkje nødvendigvis seier noko om talet på lærlingar. Det finnast mange kommunar i fylket med store bedrifter, såkalla hjørnesteinsbedrifter, som kvart år tek inn mange lærlingar, som til dømes Hydro Sunndal.

Flest lærebedrifter innanfor dei tekniske faga

Det er flest lærebedrifter innanfor Teknologi- og industrifag i fylket. I 2023-2024 var det 457 godkjente lærebedrifter innanfor desse fagområda og 355 av desse hadde lærling dette året. Av desse 355 bedriftene hadde 78 prosent av bedriftene 1 lærling. Bygg- og anleggsteknikk og Elektro og datateknologi er andre utdanningsprogram med mange lærebedrifter. I desse utdanningsprogramma var det i 2023-2024 høvesvis 279 og 144 lærebedrifter som hadde lærling. Helse- og oppvekstfag er eit anna utdanningsprogram med mange lærebedrifter, innanfor desse faga finn du mange av læreplassane i offentleg sektor, i kommunar og i helseføretaka. I mange næringar er andelen bedrifter som berre har 1 lærling stor. Det kan vere ein indikasjon på kor viktig små bedrifter er for yrkesfagutdanninga i fylket. Deira bidrag ved å ta inn ein lærling er viktig for kunnskapsutviklinga i samfunnet.

Forrige tema:
Neste tema: