Når vi jordvernmålet?
Det har dei seinare åra vore eit sterkare fokus på korleis ulike areal blir nytta. Blant anna har det vore fokus på å ikkje bygge ned dyrka jord. Både korona-pandemien og krigen i Ukraina har ført til auka merksemd på matforsyning og det å vere meir sjølvberga. Skal ein auke matproduksjonen innanlands er dyrka jord og dyrkbar jord ein avgjerande ressurs. I fylkesstrategi for landbruk er er det sett mål om å "behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning".
Det vart i 2023 vedtatt ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi. Det er i denne strategien ei målsetting om at det maksimalt ikkje skal omdisponerast meir enn 2 000 dekar dyrka mark i året, målet skal nåast innan 2030. For Møre og Romsdal utgjer dette 100 dekar dyrka jord.
Svaret på spørsmålet om vi når jordvernmålet er så langt er nei. I 2023 vart det i Møre og Romsdal omdisponert 160 dekar dyrka jord til andre føremål. Dette auka ytterlegare til 197 dekar i 2024. Det vart altså i 2024 bygd ned nær det doble av dyrka jord enn målsettinga. I tillegg til nedbygginga av dyrka jord vart det i 2023 omdisponert 278 dekar dyrkbar jord til andre føremål, i 2024 hadde dette sokke til 212 dekar. I 2024 var det totalt omdisponert 406 dekar dyrka jord og dyrkbar jord, dette er ein nedgang frå 437 dekar i 2023.
Trøndelag omdisponerer mest dyrka jord
Av fylka var det Trøndelag som omdisponerte mest dyrka jord i 2024 med 642 dekar. Nest etter Trøndelag var det Rogaland og Innlandet som omdisponerte mest dyrka jord med høvesvis 330 og 290 dekar. I Oslo var det i følge SSB sine tal ikkje omdisponert dyrka jord i 2024. I Finnmark vart det omdisponert 15 dekar i 2024.
Utbygging innanfor samferdsel og bustadbygging er i følge SSB to av dei føremåla som fører til nedbygging av dyrka og dyrkbar jord. I tillegg til dette er utbygging knytt til næring og offentleg og privat tenesteyting andre føremål som legg beslag på areal.