Svakare vekst i folketalet
I 2024 var det svakare vekst i folketalet i Møre og Romsdal samanlikna med dei to føregåande åra. Ved inngangen av 2025 er det 272 413 innbyggarar i fylket, ein auke på 1 789 personar eller 0,7 prosent samanlikna med 1. januar 2024. Frå 1. januar 2023 til 1. januar 2024 vaks folketalet med 2 259 personar i Møre og Romsdal.
Folketalsveksten i Møre og Romsdal var nær dobbelt så stor i åra 2005 til 2015 enn den var frå 2015 til 2025.
Nasjonalt auka folketalet i løpet av 2024 med 44 137 personar eller 0,8 prosent, som gir eit folketal per 1. januar 2025 på 5 594 340 personar. Veksten i folketalet i fylket var med andre ord om lag som nasjonalt i 2024.
22 kommunar med vekst i folketalet
Framleis høg innvandring i 2024 gav befolkningsvekst i 22 av kommunane i fylket. I tal personar var veksten høgast i Ålesund, som fekk 689 fleire innbyggarar i løpet av 2024. Ålesund hadde 59 198 innbyggar ved årskiftet 2025. Held veksten fram vil Ålesund innan få år, igjen ha over 60 000 innbyggarar. I Molde og Kristiansund vaks folketalet med 347 og 174 personar. Ved inngangen til 2025 var folketalet i desse byane høvesvis 33 163 og 24 578 personar.
Aukra hadde den største prosentvise veksten i folketalet med 2,2 prosent frå 2024 til 2025. Størst nedgang i folketalet var det i Rauma kommune med -103 personar. Det er etablert flyktningmottak i Rauma, noko som spelar inn på innbyggartalet i kommunen. Som følge av dette blir det mykje inn- og utflytting, som vil påverke innbyggartalet ulikt frå år til år. Også i kommunane Ulstein, Hareid, Tingvoll og Sunndal er flyttetala påverka av at dei har asylmottak i kommunen.
I perioden 2015-2025 er det nedgang i folketalet i 9 av dei 27 kommunane i fylket, størst prosentvis nedgang var det i Fjord kommune med 7,8 prosent, tett følgt av Sande kommune med ein nedgang på 7,6 prosent. Det er Giske kommune som i prosent har hatt høgast vekst i folketalet, med 10,7 prosent i denne perioden. Sula kommune følger tett etter med ein vekst på 10,2 prosent dei siste ti åra.