13. Miljø, klima og energi

Omsyn til klimaendringar

I Møre og Romsdal tek vi mindre omsyn til klimaendringane enn i Noreg sett under eitt

Utsleppa av klimagassar har ført til global oppvarming og endra nedbørsmønster. Med aukande klimagassutslepp også framover, vil Noreg få eit betydeleg varmare klima med meir nedbør, kraftigare og oftare styrtregn, kortare snøsesong, endra flaummønster og stigande havnivå fram mot år 2100. Klimaendringane skjer raskt, og kor store konsekvensar dei får for natur og samfunn vil vere eit resultat av kor store endringane blir, og samfunnet si evne, moglegheit og vilje til å ta omsyn og aktivt tilpasse seg desse endringane og gjere klimatilpassingar.

DSB har sidan 2002 spurt kommunane om arbeidet med samfunnssikkerheit. Der spør DSB mellom anna om kommunane har ei oppdatert risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Ei ROS-analyse skal identifisere potensielle truslar, vurdere sannsynet for at dei inntreff, og konsekvensane dei kan ha for kommunen. Ei grundig ROS-analyse gir kommunen eit solid kunnskapsgrunnlag for å setje inne førebyggande tiltak og nødvendig beredskap.

I Kommuneundersøkinga 2025 har 92 prosent av landets kommunar svart, men i Møre og Romsdal har berre 20 kommunar svart, det vil seie 74 prosent. Kommunane har blitt spurt om dei har gjennomført heilskapleg ROS. På landsbasis har 99 prosent av kommunane som har svart ei heilskapleg ROS-analyse, men berre 68 prosent oppfyller alle minimumskrava som Forskrift om beredskapsplikt stiller. I Møre og Romsdal har alle kommunane som har svart på undersøkinga oppgitt at dei har ei heilskapleg ROS-analyse, men berre 45 prosent oppfyller alle minimumskrava som Forskrift om beredskapsplikt stiller.

I kommuneundersøkinga 2025 blei kommunane spurt om det har vore alvorlege naturhendingar i kommunen dei siste to åra. Sterk vind fører til dei fleste alvorlege naturhendingane, med overvatn og kraftig snøfall på delt andreplass.

Halvparten av kommunane som har svart på undersøkinga i Møre og Romsdal oppgjev at det i stor grad blir tatt omsyn til auka risiko og sårbarheit som følge av langsiktige klimaendringar i den kommunale planlegginga. Det er same svarprosent som landet totalt. Drygt 30 prosent i landet totalt seier at dei tek omsyn i nokon grad, men berre 15 prosent svarar det same i Møre og Romsdal.

Les meir om kommuneundersøkinga 2025 på DSB sine nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: