16. Samferdsel

Dekkelegging

Stadig mindre asfaltering av fylkesveg

Det vart lagt 87 km asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2024. Knappe 3 prosent av fylkesvegnettet fekk dermed nytt asfaltdekke i 2024. Det er om lag 3 000 km fylkesveg i Møre og Romsdal, i tillegg til 184 km fylkeskommunale gang- og sykkelvegar. Asfaltdekke har i gjennomsnitt ei levetid på 15 år. Dekkelegging framover i same omfang som i 2024, gir ei reasfalteringstakt på om lag 36 år.

Fylkeskommunen utfører målingar av vegdekket på fylkesvegane kvart år. Dekketilstanden blir kategorisert i to grupper på grunnlag av vegdekkemålingane: dårleg/svært dårleg eller tilfredsstillande tilstand.

Dekketilstanden har vore relativt stabil dei siste åra. 63 prosent av fylkesvegdekket er tilfredsstillande i 2024. Framleis har nesten 40 prosent av fylkesvegane ikkje tilfredsstillande dekke. Statistikken for 2020 er usikker, fordi vegdekke-målingar vart gjort på berre 74 prosent av fylkesvegnettet i 2020 mot 99,2 prosent i 2024.

Vedlagt statistikk viser asfaltert dekke på fylkesveg i kilometer for åra 2020-2024. Det var ein positiv trend når det gjeld asfaltering av fylkesveg i åra 2020-2022. Asfalteringa på fylkesveg blei kraftig redusert i 2023 og 2024 samanlikna med 2021 og 2022.

Rekneskapen viser at fylkeskommunen bruka 120 mill. kroner ekskl. meirverdiavgift til dekkelegging (asfaltering og forsterking) av 87 km fylkesveg i 2024. Forsterking av 10 km fylkesveg til 24 mill. kroner er inkludert i desse tala. Forsterking inneber å auke bereevna til vegen ved å forsterke underlaget og legge nytt asfaltdekke. Vegoppmerking kom i tillegg, og utgjorde 7,5 mill. kroner i 2024.

Forrige tema:
Neste tema: