Auke i talet på alvorlege trafikkulykker i Møre og Romsdal i 2024
I Møre og Romsdal vart 5 drepne og 27 hardt skadde i trafikken i 2024. Etter fleire år med nedgang i talet på alvorlege trafikkulykker, ser vi no ein auke. Talet på hardt skadde har auka med tre personar, medan talet på drepne har auka med to frå 2023 til 2024. Samanlikna med måla i «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på vei 2022-2025», som styrar mot maksimalt 19 hardt skadde/drepne i trafikken i Møre og Romsdal i 2030, så ligg 2024-tala over målkurva.
Heile 27 av dei 32 trafikkulykkene med hardt skadde og drepne i Møre og Romsdal i 2024 skjedde på fylkesvegnettet. Talet på alvorlege ulykker på riks- og europaveg er det same som i 2023, medan det er ein reduksjon på kommunal veg. Etter nokre år med nedgang i ulykkestala på fylkesveg, er vi no oppe på same nivå som før korona-pandemien i 2020. Med tanke på det store vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet, så gir denne ulykkesutviklinga grunn til uro.
Dei fleste alvorlege ulykker er møteulykker (11) og utforkøyringsulykker (10). Dei aller fleste av desse ulykkene skjer på fri vegstrekning, og ikkje i kryss og avkøyrsler. Talet på alvorlege motorsykkel-ulykker er høgt i Møre og Romsdal; 11 av 32 drepne/hardt skadde i trafikken i 2024 var førar eller passasjer på lett eller tung motorsykkel.
I Noreg miste 87 personar livet i trafikken i 2024, ein nedgang på 23 personar frå året før. Dette er det nest lågaste talet sidan nullvisjonen vart vedteken av Stortinget i 2001. Berre i 2020 miste færre livet i trafikken i Noreg enn i 2024.