9. Utdanning og kompetanse

Vidaregåande skole - søkarar og elevar

Framleis god søking til yrkesfaga

Det har over tid vore god søking til yrkesfaga i Møre og Romsdal. Skoleåret 2024/2025 var det 65 prosent av søkarane til Vg1 som søkte seg til eit yrkesfag. Til skoleåret 2025/2026 er det framleis god søking til yrkesfaga, 63,5 prosent av søkarane søkte seg til eit yrkesfag.

Det er ein oppgang i søkinga til studiespesialisering på Vg1, med 903 søkarar til skoleåret 2025/2026 mot 777 søkarar til skoleåret 2024/2025. Studiespesialisering er det utdanningsprogrammet som har den sterkaste prosentvise veksten i søkarar med 16 prosent. Søkinga til alle dei studieførebuande utdanningsprogramma auka med 9 prosent frå skoleåret 2024/2025 til skoleåret 2025/2026.

Det er vekst i søkinga til 8 av 15 utdanningsprogram, forutan studiespesialisering er det til dømes auke i søking til utdanningsprogramma Håndverk, design, produktutvikling (13 prosent) og til Teknologi- og industrifag (7 prosent). Størst nedgang var det i søkinga til Medier og kommunikasjon med -47 prosent. Det er 9 elevar som har det som 1. ønske til skoleåret 2025/2026. Til utdanningsprogramma Restaurant- og matfag og Sal, service og reiseliv er det nedgang i søkinga på -9 og -8 prosent, samanlikna med søkinga til skoleåret 2024/2025.

Talet søkarar til Vg1 med ungdomsrett gjekk opp frå 3 806 søkarar til skoleåret 2024/2025 til 3 943 søkarar til skoleåret 2025/2026. Eit stort avgangskull frå grunnskolen kombinert med auka innvandring er årsaka til auken.

Mange frå Smøla søker yrkesfag

Andelen av søkarane som anten søker seg til dei yrkesfaglege eller dei studieførebuande utdanningsprogramma varierer kommunane imellom. Til skoleåret 2025/2026 søkte heile 89 prosent av søkarane til Vg1 frå Smøla seg til eit yrkesfag. I Haram, Fjord og Vestnes er det òg god søking til yrkesfaga. I desse kommunane søkte 83, 79 og 76 prosent av søkarane til Vg1, skoleåret 2025/2026, seg til eit yrkesfag.

I kommunane Ulstein og Volda er det ein liten overvekt av søkarane som søker seg til dei studieførebuande utdanningsprogramma med høvesvis 52 og 51 prosent. Søkarane til Vg1 frå Surnadal fordeler seg akkurat på midten med 50 prosent søking til yrkesfag og 50 prosent til studieførebuande fag.

Kjønn avgjerande for val av utdanningsprogram

Helse- og oppvekstfag er det utdanningsprogrammet der kjønnsbalansen er dårlegast. Til skoleåret 2025/2026 var 91 prosent av søkarane til Vg1 Helse- og oppvekstfag jenter. Til utdanningsprogrammet Elektro og datateknologi var 90 prosent av søkarane til Vg1 gutar. Teknologi- og industrifag, Bygg og anleggsteknikk og Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign er andre utdanningsprogram der det er stor kjønnsubalanse i søkinga. Restaurant- og matfag er det utdanningsprogrammet der søkinga er jamnast fordelt mellom kjønna. Til skoleåret 2025/2026 søkte 51 prosent jenter og 49 prosent gutar seg til dette utdanningsprogrammet.

Forrige tema:
Neste tema: