1. Demografi

Fødslar og fruktbarheit

Auke i talet på fødslar

Med fødselstal heilt nede i 2 336 og 2 343 fødde i 2022 og 2023, er det no gledeleg at fødselstala peikar i riktig retning. I 2024 vart det i fylket født 2 483 barn, ein oppgang på 140 barn frå 2023. Det er viktig å legge til at det framleis blir fødd få barn i fylket, til dømes vart det fødd 2 670 barn i 2021 og 3 076 barn i år 2000. Vi er med andre ord eit stykke unna fødselstala ved tusenårsskiftet.

Talet på døde i fylket var i 2024 på 2 372, ein oppgang frå 2 339 døde i 2023. Samanstillar vi talet på døde med talet på fødde, får vi eit fødselsoverskot på 111 personar i 2024. Dette er ei klar forbetring samanlikna med 2023, då det i fylket var eit fødselsoverskot på berre 4 personar.

Fødselsunderskot i 16 kommunar

Sjølv om det er fødselsoverskot for fylket som heile, var det likevel 16 kommunar i fylket som hadde fødselsunderskot i 2024. Av dei tre største byane var det berre i Kristiansund det var fødselsunderskot, med eit underskot på -45 personar. Det døydde med andre ord 45 fleire enn det vart fødd i Kristiansund i 2024. I Ålesund og Molde var fødselsoverskotet på 135 og 35 personar.

Ser vi fødselstala i forhold til innbyggartalet i 2024 var fødselsunderskotet størst i Vanylven med -0,9 prosent, følgt av Stranda med -0,6 prosent. Størst fødselsoverskot sett i forhold til innbyggartalet var det i Giske kommune, der talet på fødslar utgjorde 0,4 prosent av innbyggartalet.

Fruktbarheitstalet aukar

Fruktbarheitstalet i Møre og Romsdal auka frå 1,50 i 2023 til 1,58 i 2024. Fruktbarheitstalet viser talet på barn kvinner i snitt føder i løpet av livet. Nasjonalt steig fruktbarheitstalet frå 1,40 i 2023 til 1,44 i 2024. Fruktbarheitstalet auka med andre ord sterkare i Møre og Romsdal enn nasjonalt. Det er berre rogalendingane som kan skilte med eit betre fruktbarheitstal enn Møre og Romsdal. I Rogaland var fruktbarheitstalet 1,63 i 2024. Lågast fruktbarheitstal var det i Oslo med 1,31.

Stigande fødealder for kvinner

Gjennomsnittleg fødealder for kvinner var i 2024 på 31,4 år i Møre og Romsdal. Nasjonalt var snittet på 31,9 år. Den høgaste gjennomsnittlege fødealderen for kvinner var i Oslo med 33,5 år, mens Finnmark hadde i 2024 det lågaste snittet med 30,3 år. Den gjennomsnittlege fødealderen til kvinner i Møre og Romsdal steig med 0,1 år frå 2023 til 2024.

Merk at gjennomsnittleg fødealder gjeld alle fødande, ikkje berre førstegongsfødande. I 2024 var mors fødealder ved første barn i gjennomsnitt 30,4 år og fars alder var 32,3 år. Dette er nasjonale tal, her finnst ikkje tal for fylka.

Forrige tema:
Neste tema: