13. Miljø, klima og energi

Vatn og avløp

Mykje kloakk blir sendt ureinsa i sjøen i Møre og Romsdal

Reint vatn er ein føresetnad for god helse og eit velfungerande samfunn. Vass- og avløpssystem er dermed samfunnskritisk infrastruktur. Vi treng tilgang på nok og trygt drikkevatn, til personleg hygiene og til matproduksjon. Brukt vatn, tiss og bæsj må transporterast bort og reinsast før vi kan sleppe det ut i naturen igjen.

Brorparten av befolkninga i Møre og Romsdal er tilknytt private eller kommunale vassverk, men delen er lågare enn snittet for landet. Spesielt er det færre som er knytt til kommunale vassverk.

Det er strenge krav til kvaliteten på drikkevatn og dermed også til vassforsyninga. Nær 96 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal får drikkevatn med tilfredsstillande hygienisk kvalitet, mot 97 prosent i Noreg. Det er stor variasjon internt i Møre og Romdal.

Når det gjeld leveringsstabilitet (ikkje-planlagde avbrot i vassforsyninga) har Møre og Romsdal historisk sett vore dårlegare enn landet samla sett, men i 2023 var det omvendt. Les meir om kvaliteten på drikkevatnet i Mattilsynet sin årleg rapport.

Infrastrukturen for vatn er sårbar både for forureining og andre hendingar som gir avbrot i forsyninga. Auka geopolitisk spenning aktualiserer at systema må kunne levere både i ein normalsituasjon og i krise. Nær 98 prosent av dei kommunale vassverka i Møre og Romsdal har oppdatert beredskapsplanen det siste året, men berre 36 prosent utførte beredskapsøving siste året.

På vassforsyningssida har heile 15 prosent av leidningsnettet i Møre og Romsdal ukjent alder, mot 9 prosent i landet. Delen av leidningsnett som har blitt fornya årleg låg på 0,44 prosent i gjennomsnitt i Møre og Romsdal medan fornyingstakta var på 0,6 prosent i Noreg, som gjennomsnitt for dei siste tre åra. Ei av hovudutfordringane med for låg fornyingstakt er at mykje av vassleveranse frå dei kommunale vassverka ikkje kjem fram til mottakarane på grunn av lekkasje. På landsbasis er lekkasjegraden på 30 prosent, og i Møre og Romsdal 31 prosent. Eit leidningsnett som lekk rundt ein tredel av drikkevatnet er ikkje berekraftig.

Tilsvarande statistikk for avløp/spillvatn viser at 79,1 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal er tilknytt kommunal avløpsteneste, mot 85,7 i landet.

EUs avløpsdirektiv frå 1991 regulerer utslepp av kommunalt avløpsvatn og sett krav til reinsing i to trinn. EU har revidert direktivet og nye, strengare reinsekrav trådde i kraft i EU i 2025. Ettersom Noreg ikkje er EU-medlem gjeld det ikkje her enda, men direktivet er vurdert som EØS-relevant og vil truleg bli tatt inn i norsk lovverk. Les meir om revidert avløpsdirektiv på regjeringa si nettside.

Møre og Romsdal har 16 270 innbyggarar tilknytt avløp som går ureinsa i sjøen. Det utgjer heile 17 prosent av alle i Noreg med ureinsa avløp, medan befolkningstalet i fylket vårt utgjer knappe 5 prosent av Noreg si befolkning.

25,9 prosent av befolkninga er tilknytt reinseanlegg som ikkje oppfyller dagens krav, og mange av desse reinseanlegga vil ikkje møte dei skjerpa krava i det nye avløpsdirektivet.

Alle vil ha reint vatn i springen og eit avløpssystem som fungerer. Dersom framtidige generasjonar skal få same kvalitet på vass- og avløpstenestene som vi har i dag og for å møte strengare krav til mellom anna forsyningstryggleik og reinsing, må det investerast i infrastrukturen. Det betyr truleg at dei kommunale avgiftene kjem til å auke mykje dei kommande åra. I følgje rapporten til den nasjonale interesseorganisasjonen for vassbransjen, Norsk Vann, vil den største auken i gebyr vere i Østfold, Møre og Romsdal og Nordland.

Du kan lese meir om tilstanden til vatn- og avløpssystemet i Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) sin årlege rapport, Noregs tilstand. Rapporten er ei vurdering av tilstanden til Noregs offentlege bygg og infrastruktur.

Forrige tema:
Neste tema: