8. Kultur

UNG kunst og kultur

Godt samarbeid mellom kommune og fylkeskommune gir auka kunst- og kulturaktivitet for barn og unge

Som eit tiltak i det ti-årige verdiskapingsprogrammet UNG kunst og kultur, har 22 kommunar signert ein samarbeidsavtale som skal fremme kunst og kultur for barn og unge, og stimulere til arbeid på feltet i heile Møre og Romsdal. Kunst og kultur er eit verkemiddel for å auke trivsel og kjensle av å høyre til, utvikle sin eigen identitet og skape eit meir mangfaldig og inkluderande samfunn. Kommunane kan velje beløp mellom 50 000 og 150 000 kroner per år og signerer for fire år om gongen. Målet er at alle dei 27 kommunane skal inngå samarbeid.

Rapporteringa frå dei 18 kommunane som hadde samarbeidsavtale i 2024, viser at kommunane nyttar samarbeidsavtalen til å oppnå fleire effektar til beste for kommunane og målgruppa.

Samarbeidsavtalen UNG kunst og kultur:

  • styrkar samarbeid om tenester internt i kommunane
  • bidrar til meir aktivitet for barn og unge der dei bur
  • set kunst og kultur for barn og unge på agendaen
  • fører til auka medverknad med barn og unge
  • bidrar til fleire møte mellom kunstnarar og barn og unge
  • sikrar føreseielege rammer for UNG kunst og kultur i kommunane

Figurane viser i kor stor grad kommunane samarbeider med andre aktørar internt i kommunane. Det er etablert mest samarbeid med skole og kulturskole, men folkehelse er også tett knytt til arbeidet med UNG kunst og kultur i mange kommunar. Det er få kommunar som samarbeider tett med barnevern om UNG kunst og kultur. Det kan tyde på at oppvekst og kultur er knytt saman i mange kommunar, men at dette ikkje har inkludert barnevern.

Forrige tema:
Neste tema: