Leseevne som faktor i arbeid mot desinformasjon
I Regjeringa sin Strategi for å styrke motstandskrafta mot desinformasjon (2025-2030) blir lesing trekt fram som grunnleggjande for evna til å tileigne seg kunnskap, uttrykke seg, delta i samfunnet og utvikle kritisk sans. Ei befolkning med gode lesarar er viktig for samfunnet og demokratiet, og er særleg viktig i ei tid som er prega av informasjonsoverflod og teknologisk utvikling. I opplæringa er det eit mål å få tilstrekkeleg ferdigheit i å lese, navigere og vurdere tekst. Gjennom «Sammen om lesing - Leselyststrategien 2024-2030» forsøker Regjeringa å snu ei utvikling med at norske barn og unge har lågare leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før.
Mediebruken i Ungdata-undersøkingane for 2024 viser mellom anna rapportar om bøker og lesing i dei unge sine liv. I Noreg i dag finn vi generelt at skjermbaserte aktivitetar har stor plass. Om lag 70 prosent av elevane på ungdomsskole og vidaregåande i Møre og Romsdal seier at dei ikkje brukar noko tid på å lese bøker utanom skolen, medan talet for elevane på 5.-7.trinn er 47 prosent. Dei som les bøker utanom skolen i inntil ein time eller meir per dag, er rundt 15 prosent for vidaregåande og ungdomsskole, og 45 prosent for elevar på 5.-7.trinn.
Målingar gjennom PISA og PIRLS på leseferdigheitene til norske 10- og 15-åringar viser ein stor tilbakegang. Det har også blitt undersøkt i kva grad elevane er i stand til å lese tekstar kritisk, og deira evne til å vurdere om tekstane er sannferdige. Resultata viser at mange elevar manglar strategiar for å avgjere om dei kan stole på ein tekst eller ikkje.
Kjelde: PISA 2022 https://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/rapporter/2023/betydelig-pisa-nedgang/
Kjelde: PIRLS https://www.udir.no/tall-og-forskning/internasjonale-studier/pirls/
For vaksenbefolkninga viser målinga PIAAC2 (The Programme for the International Assessment of Adult Competencies) frå 2023 at den norske vaksenbefolkninga har stabilt høg leseforståing. For dei norske 16-24-åringane viser undersøkinga ein framgang frå tilsvarande PIAAC1 i 2012. Likevel har 15 prosent av vaksne i Noreg svake leseferdigheiter, og innvandrarar skårar vesentleg dårlegare enn majoritetsbefolkninga.