Nedgang i igangsette bustadar
I 2024 var det ein stor nedgang i talet på igangsette* bustadar. I 2023 var det 914 igangsette bustadar mot 672 bustadar i 2024, ein nedgang på -242 bustadar eller -26,5 prosent. Høgare rente og prisstigning dei siste åra er vel dei viktigaste årsakene til nedgangen i igangsette bustadar. Bygge- og eigedomsbransjen har vore gjennom krevjande år med lågare aktivitet.
Det er stor variasjon mellom kommunane i kor mange bustadar som er igangsett. I Ålesund var det frå 2023 til 2024 ein nedgang på -186 bustadar, til samanlikning var det ein oppgang på 5 igangsette bustadar i Kristiansund og ein nedgang på -16 bustadar i Molde. I relativt små kommunar kan tala på igangsette bustadar variere mykje frå eit år til eit anna. Eit døme er Aukra der det i 2023 var 22 igangsette bustadar, mens det i 2024 var berre 2. I Gjemnes auka talet på igangsette bustadar frå 2 i 2023 til 10 igangsette bustadar i 2024.
Utviklinga i Møre og Romsdal er heilt i tråd med den nasjonale utviklinga på dette området. Talet på igangsette bustadar gjekk ned nasjonalt med 4099 bustadar i 2024. Det er ein reduksjon på 18,0 prosent.
*Med igangsette bustadar er det her meint at det er gitt igangsettingsløyve med heimel i plan- og bygningsloven.
Det er bygd flest rekkehus
I perioden 2020-2024 er det bygd 1 815 rekkehus i Møre og Romsdal, mens det i same periode er bygd 1 537 einebustadar. Både i Ålesund og Molde er det bygd fleire rekkehus enn det er bygd einebustadar, mens det i Kristiansund er bygd fleire einebustadar. I Ålesund vart det desse åra bygd 627 rekkehus og 351 einebustadar. I 8 av kommunane i fylket er det i perioden 2020-2024 bygd fleire rekkehus enn einebustadar. I dei minste kommunane, etter folketal, er det einebustadar det blir bygd flest av. Eit døme er Aure der det vart bygd 20 einebustadar og 3 rekkehus i perioden.
I åra 2020-2024 er det bygd 1 007 blokkleiligheiter og totalt er det fullført 4 961 bustadar i fylket.
Interessert i meir kunnskap om bustadsituasjonen i kommunane?
Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med Panda Analyse utarbeidd både statistikk og diskusjonsgrunnlag som kommunane kan nytte til å utforme dei bustadpolitiske planane sine. Dette finn de under Kommunestatistikk for kvar enkelt kommune.