Låg del med høgare utdanning
Møre og Romsdal er eit av fylka i Noreg der færrast sysselsette har lang høgare utdanning (over 4 år). I 4. kvartal 2024 hadde 9,1 prosent av alle sysselsette i Møre og Romsdal lang høgare utdanning, det er berre i Innlandet og Østfold at delen er lågare med 8,9 prosent. Oslo er i ein særskilt situasjon med ein arbeidsmarknad som i stor grad etterspør lang høgare utdanning. Heile 25 prosent av alle sysselsette i Oslo har lang høgare utdanning. Ser vi heile landet under eitt, hadde 14,5 prosent av alle sysselsette i Noreg lang høgare utdanning i 4. kvartal 2024.
Stor skilnad i etterspurnaden etter sysselsette med lang høgare utdanning
Det er relativt stor forskjell kommunane imellom, i etterspurnaden etter sysselsette med lang høgare utdanning. I Volda var det 13,5 prosent av dei sysselsette i 4. kvartal 2024 som hadde lang høgare utdanning. Til samanlikning hadde 3,8 og 4,2 prosent av dei sysselsette i Smøla og Sande slik utdanning. Av dei tre største byane i fylket er det i Molde det er flest sysselsette med lang høgare utdanning. Der har 12,3 prosent av dei sysselsette slik utdanning. I Ålesund og Kristiansund var det 11,5 og 9,2 prosent av dei sysselsette som i 4. kvartal 2024 hadde lang høgare utdanning.
Stor variasjon i utdanningsnivået i ulike næringar
Det er stor variasjon i utdanningsnivået i ulike næringar i fylket. Fagarbeidaren som har fagbrev med utgangspunkt i ei utdanning frå vidaregåande opplæring står sterkt. Industrien i fylket treng fagarbeidarar innanfor ei lang rekke fagområde. Det er framleis næringar der mange sysselsette berre har grunnskule som høgaste fullførte utdanning. Eit døme kan være næringa «overnatting- og serveringsverksemd» der 47,7 prosent av dei sysselsette i 4. kvartal 2024, hadde grunnskole som utdanningsbakgrunn. I «varehandelen» og i «jordbruk, skogbruk og fiske» er delen av dei sysselsette med grunnskolebakgrunn på høvesvis 33,8 prosent og 28,5 prosent.