8. Kultur

Kulturmiljø - bevaringsstrategiar

Mot eit større mangfald i kulturmiljøpolitikken?

I den siste stortingsmeldinga om kulturmiljø (Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål for kulturmiljøpolitikken) vert det lagt vekt på større mangfald i kva vi tek vare på som verdifulle kulturmiljø. Som ei oppfølging av dette har Riksantikvaren dei siste åra utvikla fire tematiske bevaringsstrategiar: Kystens kulturmiljø, Landbrukets kulturmiljø, Næringers og industriers kulturmiljø, og Bygder og byers kulturmiljø. Gjennom fleire deltema vil desse strategiane sjå på ulike moglegheiter og utfordringar innan kvart tema, og mellom anna leggje vekt på tema og kulturminnetypar som normal ikkje har fått like mykje merksemd.

Det er ikkje alltid enkelt å plassere kulturminne i éin av desse hovudkategoriane, men ein gjennomgang av tilskotsmidlane i perioden 2015–2024 viser at det særleg er kulturminne knytte til gardstun, bygder og byar som har fått flest tilsegn på tilskot. Eit sterkare fokus på kystkultur dei siste åra har ført til at denne delen no nærmar seg dei to andre strategiane i omfang. Derimot er det gitt vesentleg mindre i tilskot til kulturmiljø knytt til næring og industri.

Kvar bevaringsstrategi er igjen delt inn i tre eller fire ulike deltema. Av desse er det ein stor del av midlane som har gått til Bygningar i jordbruket, men også Naust og sjøhus og Der vi møtes er eit godt representerte deltema. Det siste deltemaet omfattar ulike former for sentralbygg og møteplassar. Kulturmiljø i skog, Kulturmiljø i reindriftsområder eller knytt til Ferie og fritid langs kysten er derimot ikkje representert.

Kulturminnefondet har ei liknande inndeling av sine tilsegn. Her er det Landbrukets kulturmiljø som er best representert, men By og tettsted og Kystmiljø følgjer like etter. Også her er det Industrimiljø som har motteke minst tilskot. Kulturminnefondet har også ein eigen kategori for immateriell kulturarv.

Forrige tema:
Neste tema: