Færre barn i familiar med vedvarande låginntekt i Møre og Romsdal
For tredje året på rad har talet på barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt gått ned. Mellom 2004 og 2020 vart talet nesten dobla, og i 2020 budde om lag 115 000 barn i hushald med vedvarande låginntekt. Dette utgjorde 9,9 prosent av alle barn i Noreg. I perioden 2018–2020 nådde delen ein topp på 11,7 prosent. Etter fleire år med kraftig vekst, stoppa utviklinga opp i 2020. I 2021 kom den første nedgangen sidan 2011, og i 2023 var delen igjen 9,9 prosent. Det betyr at om lag 19 000 færre barn levde i låginntektsfamiliar samanlikna med 2020.
Vedvarande låginntekt betyr at den gjennomsnittlege inntekta i ein treårsperiode er under 60 prosent av median hushaldsinntekt i Noreg. Barn i slike familiar har ofte dårlegare levekår enn andre barn. Dei opplever oftare materielle manglar, og deltek sjeldnare i fritidsaktivitetar. Forsking viser også at ungdom som veks opp med låg inntekt, i snitt får lågare utdanning og svakare tilknyting til arbeidslivet som vaksne (Ekren og Grendal, 2021).
I Møre og Romsdal er delen barn i låginntektsfamiliar lågare enn landsgjennomsnittet. I 2020 levde 4 506 barn i slike hushald, medan talet i 2023 var redusert til 3 779 barn. Det er 7,9 prosent av barna i fylket i 2023.
Det er store skilnadar mellom kommunane i fylket. I 2023 var delen lågast i Stranda kommune med 5 prosent, og høgast i Kristiansund kommune med 10,9 prosent. I tillegg til Kristiansund, ligg Sunndal og Fjord kommune over landsgjennomsnittet. I Sula kommune har delen gått ned frå 8,1 prosent i 2020 til 6,7 prosent i 2023. I kommunane Rauma, Fjord og Herøy har delen auka noko dei siste tre åra. Til samanlikning har Sarpsborg og Fredrikstad om lag 17 prosent barn som lever i hushald med låg inntekt. Du kan sjå tal for kvar kommune på barnefattigdom.no.
Ein viktig grunn til nedgangen er betre inntektsutvikling for småbarns-familiar. Auka barnetrygd har medverka til at fleire familiar har kome over låginntektsgrensa.
Sidan 2013 har barn med innvandrarbakgrunn utgjort fleirtalet blant barn med vedvarande låg inntekt. På landsbasis gjeld dette 6 av 10 barn i denne gruppa.
Det kan vere fleire årsaker til at familiar har låg inntekt:
- Foreldra har ikkje utdanning eller jobb
- Familien har berre éi inntekt, til dømes ved einsleg forsørgjar
- Mange barn i familien
- Sjukdom
- Familien har nyleg kome til Noreg som flyktningar