13. Miljø, klima og energi

Klimagassutslepp

For første gang er klimagassutsleppa frå cruiseskip høgare enn frå ferjer og rutebåtar

I Noreg er måla om reduksjon av utslepp av klimagassar lovfesta i klimaloven. Lova gir måla for 2030, 2035 og 2050. Måla er sett med 1990 som referanseår. Klimamåla er:

  • 2030: minst 55 prosent reduksjon
  • 2035: minst 70-75 prosent reduksjon
  • 2050: i storleiken 90-95 prosent reduksjon

I juni 2025 melde Noreg inn klimamålet for 2035 under Parisavtalen.

Miljødirektoratet levere tal for klimagassutslepp i kommunar og fylkeskommunar. Tala går tilbake til 2009. Kommunar og fylkeskommunar bruker derfor ofte 2009 som referanseår. I følgje Miljødirektoratet har dei historiske utsleppa i Møre og Romsdal vore relativt stabil og har berre falle med 10 prosent mellom 2009 og 2023. Når ein skal presentere utviklinga av klimagassutslepp er det vanleg å presentere dei historiske utsleppa saman med måla ein har sett seg og kva forventning ein har i den næraste framtida. Berekningane av kva ein kan forvente, er basert på for eksempel politikk og teknologiutvikling. Ein kan også gjere ei enkel lineær framskriving, altså ei trendlinje basert på dei historiske utsleppa. Denne linja antydar kor store utsleppa kan bli i 2030 dersom vi «held fram som før». Møre og Romsdal har same mål som Noreg for 2030, å kutte utsleppa med minst 55 prosent. Fylket har ikkje sett seg mål for 2035 og 2050, men om heile landet skal bidra for å oppfylle Noreg sitt mål kan det vere nyttig å sjå kva det betyr om ein skal kutte prosentvis like mykje i Møre og Romsdal som landet samla sett. I Møre og Romsdal ligg vi langt unna å nå målet for 2030 dersom utsleppa «held fram som før». I 2009 var utsleppa i Møre og Romsdal drygt 2,5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dersom vi skal klare 2030 målet med minst 55 prosent kutt skal vi ned til 1,1 millionar tonn CO2-e. Dersom all sjøfart, vegtrafikk, luftfart, oppvarming, anna mobil forbrenning, energiforsyning og avfall og avlaup er utsleppsfri i 2030, mens utsleppa frå industri, olje og gass, og jordbruk er uendra i perioden, vil vi framleis ikkje vere i mål. Men vi vil vere nede på 1,2 millionar tonn CO2-e. Dersom vi tenkjer oss at all industri, olje og gass er utsleppsfri i 2050, mens jordbruket er uendra i perioden vil vi framleis ha litt for høge utslepp samanlikna med 2050-målet. Det seier litt om oppgåva vi har framfor oss.

Sjøfarten sto for nesten ein firedel av klimagassutsleppa i Møre og Romsdal i 2023. Utsleppa for heile sjøfartssektoren i Møre og Romsdal er berekna til å ha gått opp nærare 4 prosent frå 2016 til 2023. Det manglar datagrunnlag for perioden 2009-2015. Nokre typar fartøy i Møre og Romsdal har hatt ein kraftig auke: stykkgodsskip 40 prosent, cruiseskip 66 prosent, havbruk 105 prosent. Passasjerbåtar har redusert utsleppa med over 41 prosent. 2023 er første året utsleppa frå cruiseskip er høgare enn frå passasjerbåtar. Nedgangen i utslepp frå passasjerbåtar skuldast i hovudsak elektrifisering av ferjesambanda i fylket.

Utsleppa frå vegtrafikken går framleis ned. I hovudsak er det overgang til elektriske personbilar som har ført til reduksjonen. Mellom 2009 og 2023 har utsleppa frå personbilane gått ned med over 40 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: