Regionale tilskot har gitt store ringverknadar for kulturmiljø over heile fylket
Tilskot kan vere eit viktig verkemiddel for å ta vare på kulturmiljø. I samband med utarbeiding og vedtak av Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø av nasjonal og regional verdi blei det i 2015 etablert ein eigen fylkeskommunal tilskotspost på inntil ein million kroner kvart år, samt inntil hundre tusen kroner i året som skulle gå til naudsynte forundersøkingar. Midlane skulle gå til kulturminne av høg lokal og regional verdi. Dette inneber at kulturminna anten måtte vere verna, eller regionalt eller kommunalt listeførte, og var meint å stimulere til det lokale kulturminneplanarbeidet. Frå og med 2022 blei tilskotspotten auka med fire hundre tusen kroner for å stimulere til særleg ivaretaking av kystkultur.
Ei oppsummering viser at det i dei ti åra fram til og med 2024 blei gitt tilsegn på kr 13,3 millionar kroner gjennom dei to ordningane. Dette inkluderer også omdisponering av ubrukte eller inntrekte midlar. Dei totale prosjektkostnadane for dei 149 prosjekta som har fått tilskot ligg på over 98 millionar kroner, noko som syner at ordningane har vore viktige økonomisk insentiv, og bidratt til store investeringar i lokal og regional kulturarv.
Tilskotsposten har hatt eit omfattande nedslagsfelt over store delar av fylket. Det er likevel nokre geografiske tendensar som peikar seg ut. Ein større del av tilskota har gått til bykommunar, verdsarvkommunar og enkeltkommunar langs kysten. Dette heng naturlegvis saman med både storleiken på kommunane og ikkje minst omfanget av kommunesamanslåinga i 2020, men reflekterer også talet på kvalifiserte søkjarar frå dei ulike delane av fylket. Det siste kan også ha samanheng med ulik ressurstilgang og kompetanse i kommunane, og det er såleis interessant at to av dei kommunane som framleis ikkje har vedteke ein eigen kulturminneplan, Sula og Tingvoll, ligg lengst nede på tildelingslista.
Den største tilskotspotten vert likevel forvalta av Kulturminnefondet, med nærare 90 millionar kroner fordelt til kulturminne i Møre og Romsdal mellom 2015 og 2025. Kommunefordelinga viser mange av dei same tendensane. Også her er det er det Ålesund som har motteke mest tilskot.