4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter sektor

Reduksjon i talet sysselsette i kommunal sektor

Frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 auka talet på sysselsette i Møre og Romsdal med 920 personar. Talet på sysselsette auka mest i privat sektor i denne perioden, med ein auke på 939 fleire sysselsette. Det er også auke i talet på statlege tilsette i fylket. I 4. kvartal 2023 var det 11 312 personar tilsett i statlege stillingar i fylket, dette auka til 11 631 personar i 4. kvartal 2024, ein auke på 319 personar.

Det var nedgang i talet på sysselsette i kommunane frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024, ein nedgang på -131 sysselsette eller -0,5 prosent. Same utviklinga var det i fylkeskommunen. I 4. kvartal 2023 var det 2 707 tilsette i fylkeskommunale stillingar, dette gjekk ned til 2 552 stillingar i 4. kvartal 2024. Det vil seie at det vart 155 færre tilsette i fylkeskommunale stillingar i Møre og Romsdal i løpet av 2024. Ein krevjande økonomi i mange kommunar og i fylkeskommunen er nok ein viktig årsak til reduksjonen i talet på tilsette i desse sektorane.  

Få statlege stillingar

Trass i at talet på sysselsette i statlege stillingar auka i løpet av 2024 i fylket, er det framleis få statlege stillingar i Møre og Romsdal samanlikna med dei fleste andre fylka. Av alle sysselsette 4. kvartal 2024 var berre 8,7 prosent av desse sysselsett i statlege stillingar. Det er berre Rogaland som har færre statlege stillingar, der er 7,6 prosent sysselsett i staten. Troms er det fylket med høgast innslag av statlege stillingar, med 19,6 prosent av dei sysselsette. Snittet for landet som heile er at 11,6 prosent av dei sysselsette har sitt virke i statlege stillingar.

Ein liten nedgang i sysselsette i offentleg eigde føretak

I Møre og Romsdal var det i 4. kvartal 2023 sysselsett 5 774 personar i offentlege eigde føretak*, dette gjekk ned med 52 personar til 4. kvartal 2024. Talet på sysselsette i offentleg eigde føretak auka i sekundærnæringane, men sank i sørvisnæringane og i Helse- og sosialtenestene. Til dømes var det i 4. kvartal 2023 sysselsett 871 personar i offentlege eigde føretak innanfor helse- og sosialtenestene, dette sank til 800 personar i 4. kvartal 2024.

*Offentlege eigde føretak omfattar berre statlege, kommunale og fylkeskommunale føretak som driv marknadsretta verksemd. Det vil seie verksemd som i hovudsak blir finansiert ved salsinntekter og der ein driv med forteneste. Offentleg eigd vil seie at staten, kommunar eller fylkeskommunar eig meir enn 50 prosent av føretaket i form av innbetalt andels- og aksjekapital, kapitalinnskot eller kommandittinnskot.

Forrige tema:
Neste tema: