Auka løyving og kortare ventetid på spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Møre og Romsdal fylkeskommune fekk 131 mill. kroner til fordeling til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i 2025. Dette var ei rekordhøg tildeling til Møre og Romsdal, og var ein auke på over 36 mill. kroner frå 2024. Det var i hovudsak to grunnar til auken:
- Midlane kjem frå overskotet i Norsk Tipping, og der var overskotet på 8,038 mrd. kroner – ein auke på 951 mill. kroner frå året før. Dette førte til at det kunne løyvast meir midlar til anleggsformål.
- Møre og Romsdal var saman med Oslo dei to einaste fylka med auke i søknadsbeløp i 2025. Resten hadde ein nedgang i søknadssum. Ettersom søknadssummen tel 50 prosent i fordelingsnøkkelen mellom fylka fekk dette positiv innverknad på overføringa til Møre og Romsdal.
Sjølv om søknadsbeløpet samla for alle søknadene i Møre og Romsdal auka i 2025, så var auken relativt liten. Det vart søkt om 276 mill. kroner, som var godt og vel 3 mill. kroner meir enn i 2024. Men det samla søknadsbeløpet for landet gjekk ned med om lag 730 mill. kroner frå 2024 til 2025. Dette gjorde at Møre og Romsdal fekk så stor auke i midlar samanlikna med dei andre fylka.
Etterslep og ventetid
Med meir midlar i potten, ein liten auke i søknadsbeløp i Møre og Romsdal, og nedgang i søknadsbeløpet for landet elles, så vart etterslepet og ventetida kraftig kutta i 2025. Etterslepet er rekna ut frå skilnaden mellom søknadsbeløpet og midlar til fordeling. Ventetida er ei omgjering av etterslepet for tal år den enkelte søkar i gjennomsnitt må vente på å få løyvd midlar frå første gongen ein får ein godkjent søknad.
Ventetida har gått gradvis nedover dei siste åra og er no 1 år – ned frå 1,6 år i 2024. I dette reknestykket ligg også rentemidlar, inndratte og tilbakebetalte midlar – som i 2025 utgjer 9 mill. kroner. Desse midlane kjem frå opparbeidde renter og frå prosjekt som anten ikkje vart realisert eller som vart billigare enn antatt. Ventetida varierer mellom kommunane, mellom anna på grunn av stor variasjon i søknadsmengde, kombinert med at fylkeskommunen spreier midlar rundt om i stort sett heile fylket.