9. Utdanning og kompetanse

Vidaregåande - gjennomføring

Nedgang i gjennomføringa i vidaregåande opplæring

For elevane i Møre og Romsdal gjekk gjennomføringa etter 5/6 år (6 år for yrkesfag) i vidaregåande opplæring ned for 2018-kullet. Ser vi alle utdanningsprogramma under eitt, gjennomførte 82,5 prosent av elevane i 2018-kullet vidaregåande opplæring, det er ein nedgang på 0,9 prosentpoeng samanlikna med 2017-kullet.

Sidan 2006-kullet har gjennomføringa i vidaregåande opplæring forbetra seg mykje. Av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2006 gjennomførte 72,3 prosent av elevane etter 5/6 år. Det har med andre ord vore ei stor forbetring på dette området dei siste tiåra. Det er 10,2 prosentpoeng fleire av elevane i fylket som i dag gjennomfører vidaregåande opplæring.

Størst andel av elevane gjennomfører i Oslo

Det er i Oslo der størst andel av elevane gjennomfører vidaregåande opplæring. Her gjennomførte 85,6 prosent av elevane i 2018-kullet vidaregåande opplæring etter 5/6 år. Snittet for landet var ei gjennomføring på 82,0 prosent. Lågast gjennomføring var det i fylka Finnmark, Nordland og Troms med høvesvis 74,9, 78,6 og 78,8 prosent gjennomføring.

Flest jenter gjennomfører

Av elevane i 2018-kullet er det flest jenter som gjennomfører, dette gjeld både for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma og for dei studieførebuande utdanningsprogramma. Ser vi tala for utdanningsprogramma samla gjennomfører 86,4 prosent av jentene og 78,9 prosent av gutane. Det betyr at det er 7,5 prosent fleire av jentene som gjennomfører enn gutane.

Gjennomføringa i dei studieførebuande utdanningsprogramma er høg, samla for begge kjønn er gjennomføring på 91,2 prosent for 2018-kullet. Skil vi på kjønna gjennomfører 93,8 prosent av jentene dei studieførebuande utdanningsprogramma mot 87,3 prosent av gutane. I dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er det liten forskjell i gjennomføringa mellom kjønna. I desse faga gjennomfører 73,9 prosent av jentene og 73,6 prosent av gutane.

Store forskjellar i gjennomføring etter føresette sitt utdanningsnivå

Utdanningsnivået til føresette viser seg å ha mykje å seie for gjennomføringa for elevane i vidaregåande opplæring. Av elevane i Møre og Romsdal som starta i vidaregåande opplæring i 2018, gjennomførte 63,6 prosent av elevane som hadde føresette med grunnskole som høgste gjennomførte utdanning. I andre enden av skalaen gjennomførte 93,8 prosent av elevane som hadde føresette med lang høgare utdanning. Av elevane som hadde føresette med utdanning frå vidaregåande skole gjennom førte 79,8 prosent av elevane i 2018-kullet etter 5/6 år. Det er med andre ord ein klart sosial dimensjon knytt til dette med gjennomføring.

Forrige tema:
Neste tema: