Fleire bur i tettstadar
I 2024 var 74,4 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal busette i ein tettstad. Dette utgjer 201 242 personar. I 2001 budde 159 391 personar i fylket i tettstadar, noko som den gongen utgjorde 66,1 prosent av befolkninga. Delen av befolkninga som bur i ein tettstad har auka med 8,3 prosentpoeng i perioden 2001 til 2024. I åra 2016 til 2024 auka delen av befolkning som busette seg i tettstadar med 2,7 prosentpoeng. Det er SSB sin tettstadsdefinisjon som her er lagt til grunn. SSB reknar ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar og avstanden mellom husa skal normalt ikkje overstige 50 meter.
Ser vi heile landet under eitt budde 75,9 prosent av befolkninga i ein tettstad i 2001. Dette har auka til 83,2 prosent i 2024. I denne perioden auka delen av befolkninga som budde i ein tettstad med 7,3 prosentpoeng. I 2016 var det nasjonalt 81,1 prosent som budde i ein tettstad, noko som auka med 2,1 prosentpoeng til 2024. Ser vi perioden 2001 til 2024 har det i Møre og Romsdal vore ein sterkare vekst i delen av befolkninga som er busette i tettstadar enn for landet som heile.
Det sentrale Østlandet i ei særstilling
Oslo er i ei særstilling når det kjem til talet på innbyggarar per km2. I 2025 bur det i snitt 1 699 personar per kvadratkilometer i Oslo. Til samanlikning er snittet berre 20 personar i Møre og Romsdal. Etter Oslo er det i Akershus og Vestfold folk bur tettast med 135 og 123 personar per km2. Til samanlikning bur det i 2025 i snitt 2 personar per kvadratkilometer i Finnmark. Ser vi heile landet under eitt bur det i snitt 18 personar per km2.
Folk bur tettast i Kristiansund og Giske
Det er i kommunane Kristiansund og Giske at folk bur tettast. I 2025 bur det 285 personar per km2 i Kristiansund og i Giske 220 personar per km2. I Ålesund bur det til samanlikning 168 personar per km2. Molde skil seg frå dei to andre «storbyane» i fylket, med areal der det bur lite folk. I 2025 var det busett 23 personar i Molde per km2. Kommunane Fjord og Sunndal er kommunar med stort areal i forhold til talet på innbyggarar. Der bur det i 2025 høvesvis 2 og 4 personar per km2.