9. Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning

Vekst i studenttalet i fylket

Talet studentar i fylket har auka frå 9 962 studentar i 2023 til 9 971 studentar i 2024, ein auke på marginale 9 studentar. Det er likevel ein liten nedgang frå 2021 då det var 10 268 studentar ved høgskulane i Møre og Romsdal. I 2018 var det 8 482 studentar i fylket, sidan 2020 har antal studentar i fylket stabilisert seg i nærleiken av 10 000 studentar. Det har med andre ord vore ein god vekst i talet på studentar dei seinare åra, noko som tydar på at høgskolane i fylket jobbar godt med å utvikle gode og relevante studietilbod.

Ved Høgskulen i Volda vaks talet på studentar med 113 studentar frå 2023 til 2024. I 2024 var det 3 967 studentar i Volda. I 2020 var det 4 415 studentar ved Høgskulen i Volda, så talet studentar har gått noko ned i perioden 2020 til 2024. Høgskulen i Volda har ein kvinneandel på 68,5 prosent som er høgst av høgskolane i fylket.

Talet studentar ved NTNU Ålesund var i 2024 om lag på nivå med studenttalet i 2023. I 2024 var talet studentar i Ålesund 2 362 mot 2 381 i 2023, ein nedgang på 19 studentar. Andel kvinner aukar frå 49,3 prosent i 2023 til 49,9 prosent i 2024.

Høgskoletilboda i Kristiansund sette i 2024 ny rekord i talet studentar. I 2024 var det 672 studentar i Kristiansund, ein oppgang frå 591 studentar i 2023. Høgskoletilboda i Kristiansund er no etablert i flotte lokalitetar på Campus Kristiansund, dette saman med eit målretta arbeid for å få etablert nye studietilbod, ser no ut til å bere frukter. Høgskolen i Molde er den høgskolen som har flest tilbod i Kristiansund, men både Dronning Maud,  Høgskulen i Volda og NTNU er representert med studietilbod.

Etter eit høgt tal studentar i 2023, gjekk talet studentar ved Høgskolen i Molde noko ned i 2024. I 2023 var det 3 136 studentar, mens det i 2024 var 2 970 studentar ved høgskolen. Kvinneandelen ved skolen har vore stabil dei siste åra, i 2024 var den på 58,6 prosent.

Størst andel med høgare utdanning i Oslo

Oslo skil seg ut og er i ei særstilling i forhold til resten av landet når det kjem til andelen av befolkninga med høgare utdanning. Heile 56,4 prosent av befolkninga som er 16 år og eldre har slik utdanning i Oslo. I Møre og Romsdal er andelen 32,1 prosent. Lågast andel av befolkning med høgare utdanning finn vi i Innlandet, der 29,9 prosent av befolkninga har høgare utdanning.

Forrige tema:
Neste tema: