16. Samferdsel

Kollektivtransport

Billettinntektene finansierer mindre og mindre av kollektivtransporten sine kostnader

Det norske offentlege transporttilbodet er sterkt subsidiert. Fleire store byregionar1 har byvekstavtalar med langsiktig finansiering som har gitt kollektivtransporten eit løft. Men byane i Møre og Romsdal er ikkje omfatta av ordninga med byvekstavtaler.

Billettinntektene sin del av finansieringa av kollektivtransporten har falle kraftig dei siste åra. Dette gjer kollektivtransporten meir avhengig av subsidiering enn tidlegare. Kollektivkundane sin del av finansieringa av kollektivtransporten (buss, ferje og hurtigbåt) har falle frå om lag 40 prosent i 2019 til 21,3 prosent i 2024. Dette er eit resultat av låge takstreguleringar og ei kraftig auke i pris på drivstoff.

Fylkestinget vedtok i sak T-82/19 at fylkesvegferjene i Møre og Romsdal skulle innføre AutoPASS-regulativet frå 1. juli 2020. Vegdirektoratet regulerer AutoPASS-regulativet, slik at nivået på takstane er «i samsvar med budsjettvedtak i Stortinget». Per 2024 må reisande betale på ni fylkesvegferjesamband, etter at 11 fylkesferjesamband vart gratis frå 2022 til august 2023. Prosentdelen av dei reisande på fylkesvegferjesambanda med rabattordning var på 84 prosent i 2023.

Estimat viser at rabattordninga for nullutsleppskøyretøy på fylkesvegferjene reduserte billettinntektene med om lag 10,5 mill. kroner i 2024. Ferjebillettinntektene finansierte 16,3 prosent av fylkesvegferjedrifta i 2024. Dersom vi ser tilbake til 2019, finansierte billettinntektene 34,1 prosent av fylkesvegferjedrifta i 2019.

Forrige tema:
Neste tema: