12. Kriminalitet

Lovbrot

Auke i talet melde lovbrot

Det var i Møre og Romsdal ein markant auke i talet melde lovbrot frå 2023 til 2024. Talet på melde lovbrot auka frå 10 513 lovbrot i 2023 til 11 853 lovbrot i 2024, ein auke på 12,7 prosent. Nasjonalt auka talet på melde lovbrot i same periode frå 319 129 lovbrot til 331 047 lovbrot, ein auke på 11 918 lovbrot. Dette representerer ein auke på 3,7 prosent. Det er med andre ord ein langt sterkare auke i talet melde lovbrot i Møre og Romsdal enn for landet som heile.

Det var ein sterk auke i melde lovbrot innanfor fleire kategoriar lovbrot. I kategorien «Anna vinningslovbrot» aukar talet melde lovbrot med 37,9 prosent og i kategorien «rusmiddellovbrot» var det frå 2023 til 2024 ein auke på 22,7 prosent.

Framleis få lovbrot i Møre og Romsdal samanlikna med andre fylke

Trass i auken i talet lovbrot frå 2023 til 2024 er Møre og Romsdal framleis det fylket som har lågast tal lovbrot per 1 000 innbyggarar. I 2024 var det i Møre og Romsdal 43,8 lovbrot per 1 000 innbyggarar, nærast oss kjem Nordland med 45,7 lovbrot per 1 000 innbyggarar. Oslo er i ei særstilling når det gjeld melde lovbrot med heile 98,7 lovbrot per 1 000 innbyggarar. Finnmark og Agder er etter Oslo dei fylka med høgast tal melde lovbrot per 1 000 innbyggarar med høvesvis 62,7 og 62,2.

Få melde lovbrot på Smøla og i Haram

I Møre og Romsdal er det på Smøla og i Haram kommune det er lågast antal melde lovbrot. På Smøla var det 19,9 melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2023-2024 (toårs gjennomsnitt), mens det i same periode var 22,4 lovbrot per 1000 innbyggarar i Haram kommune. Flest lovbrot per 1 000 innbyggarar var det i Kristiansund med 61,1, tett følgt av Ålesund med 58,2. Molde ligg ein del lågare enn dei andre to byane med 41,7 lovbrot per 1 000 innbyggarar.

Ser vi heile fylket under eitt var det 41,3 lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2023-2024, nasjonalt var det i same periode 58,6 lovbrot per 1 000 innbyggarar.

Forrige tema:
Neste tema: