Færre kommunale grunnskolar
I perioden 2020-2024 gjekk talet på kommunale grunnskolar ned frå 165 til 154 skolar, ein nedgang på 11 skolar eller 6,7 prosent. Færre elevar i mange kommunar er nok hovudårsaka til skolenedleggingane. I same periode gjekk talet private grunnskolar frå 19 til 21 skolar. Det vart etablert to privat skolar i Vestnes kommune i denne perioden. Desse vart etablert i bygdene Tresfjord og Fiksdal, då det kommunale grunnskoletilbodet vart lagt ned. Sykkylven er eit anna døme på ein kommune som har redusert talet på kommunale skolar. Der vart det bygd ny skole som erstatta dei tre skolane Vik, Ullavik og Aure.
Lågare elevtal på barnetrinnet
Elevtalet på barnetrinnet (1.-7. klasse) har i perioden 2020-2024 gått ned med 623 elevar i Møre og Romsdal. Då er elevar både i dei kommunale og private grunnskolane rekna med. I 2024 var 21 297 skoleelevar på 1.-7. trinn i fylket mot 21 920 elevar i 2020. Låge fødselstal det siste tiåret er hovudårsaka til dette. Sjølv med høg innvandring dei siste åra går elevtalet i desse trinna ned.
For ungdomstrinnet er det framleis ein auke i talet på elevar. Ser vi heile fylket under eitt, steig elevtalet med 321 elevar frå 2020 til 2024, noko som gir ein vekst på 3,3 prosent. 10 kommunar har likevel nedgang i elevtalet på ungdomssteget dei fire siste åra. I desse tala har vi ikkje rekna med Ålesund som har færre elevar som følge av at Haram vart eigen kommune. Hustadvika og Giske er døme på kommunar med nedgang i talet på ungdomsskoleelevar. I åra 2020-2024 hadde dei ein nedgang på høvesvis -57 elevar og -33 elevar.
Store forskjellar i tildelinga av spesialundervisning
I 2024 fekk i snitt 9,1 prosent av grunnskoleelevane i fylket tildelt spesialundervisning. Ser vi heile landet under eitt er det 8,0 prosent av elevane i grunnskolen som fekk tildelt slik opplæring. For landet er andelen som fekk spesialundervisning uendra frå 2023. I Møre og Romdal gjekk snittet ned frå 2023, då 9,3 prosent av elevane fekk tildelt spesialundervisning. Det er stor variasjon kommunane imellom når det gjeld tildelinga av spesialundervisning. I Hareid fekk 5,0 prosent av elevane slik opplæring i 2024, til samanlikning fekk 18,2 prosent av grunnskoleelevane på Smøla spesialundervisning.