Litt sterkare vekst i sysselsettinga i Møre og Romsdal enn for landet elles
Frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 vaks sysselsettinga nasjonalt med 0,6 prosent mot 0,7 prosent i Møre og Romsdal. Veksten i sysselsettinga er med andre ord litt sterkare i Møre og Romsdal, målt mot landet som heile, denne perioden.
Sysselsettingsveksten i Møre og Romsdal var den same 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 som den var de førre 12 månadene (4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023). Nasjonalt var veksten høgare enn i Møre og Romsdal frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Det inneber at det for landet totalt har vore ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå perioden 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024.
Av fylka vaks sysselsettinga i prosent mest i Troms. Frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 vaks sysselsettinga i Troms med 1,7 prosent. I fylka Rogaland, Vestland og Akershus er det òg vekst i sysselsetting i denne perioden på over 1 prosent; 1,2 prosent i Rogaland og 1,1 prosent vekst i sysselsettinga i Vestland og Akershus. Det er berre Østfold som har nedgang i sysselsettinga i denne perioden, med ein nedgangen på -0,2 prosentpoeng.
Auka sysselsetting i sekundærnæringane
Sysselsettinga aukar i sekundærnæringane i Møre og Romsdal. Sekundærnæringane inkluderer fabrikkverksemd, bergverksdrift, bygg og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Felles for desse er at dei arbeider med å vidareforedle naturressursar til eit anna produkt. I Møre og Romsdal vaks sysselsettinga i denne næringa med 2,1 prosent frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024. Ingen av dei andre fylka kan måle seg med denne veksten. Nest etter Møre og Romsdal er det Vestland som har størst sysselsettingsvekst i sekundærnæringane på 1,6 prosent.
I mange fylke er det ein nedgang i sysselsettinga frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024 i næringa jordbruk, skogbruk og fiske. For Møre og Romsdal sin del er nedgangen på -2,3 prosent. Størst nedgang i denne næringa er det denne perioden i Oslo med -5,6 prosent.
Mange fylke har òg nedgang i sysselsettinga i næringa undervisning. I Møre og Romsdal var nedgangen i næringa undervisning på -1,5 prosent, noko som er den sterkast sysselsettingsnedgangen av alle fylka. Nedgangen i denne næringa skuldast nok både ein nedgang i talet på barn og unge, men òg ein anstrengt økonomi i mange kommunar og i fylkeskommunen.