1. Demografi

Framskrivingar

Svak vekst i folketalet fram mot 2040

SSB sine befolkningsframskrivingar for Møre og Romsdal viser ein svak vekst i folketalet fram mot 2040. Ved inngangen til 2025 var det 272 413 innbyggarar i fylket, dette skal ifølge SSB sine prognosar stige til 278 931 innbyggarar i 2040. Dette gir ein auke i folketalet dei neste 15 åra på 6 518 personar eller 2,4 prosent. Størst del av denne veksten skjer dei neste 10 åra. SSB meiner at folketalet i Møre og Romsdal vil vere 277 385 personar i 2035.

Ifølge SSB vil den nasjonal veksten i folketalet fram mot 2040 vere sterkare enn veksten i Møre og Romsdal. Framskrivingane viser ein vekst for folketalet i Noreg på 6,8 prosent i denne perioden. Innbyggartalet i Noreg skal etter prognosane vere 5 976 950 i 2040, ein vekst på 382 610 personar.

Store endringar i befolkningssamansettinga

Talet eldre vil auke mykje dei neste 15 åra. I 2025 var det 15 066 personar over 80 år i Møre og Romsdal, dette aukar til 25 916 personar i 2040. Dette gir ein auke i gruppa eldre over 80 år på 10 850 personar eller 72,0 prosent. Nasjonalt aukar talet på eldre over 80 år med 71,6 prosent i same periode. Ein auke frå 270 537 personar i 2025 til 464 309 i 2040, ein vekst på 193 772 fleire eldre over 80 år.

I prosent er veksten i talet eldre over 80 år størst i Gjemnes, med ein vekst på 107,1 prosent fram mot 2040. I kommunane Vestnes, Sula og Averøy er det òg høg vekst med høvesvis 94,2, 90,8 og 90,1 prosent vekst i talet eldre over 80 år dei neste 15 åra. Det er all grunn til å tru at dette vil føre til eit auka press på helse- og omsorgssektoren i kommunane. Det er allereie i dag, i mange kommunar, ei stor utfording å rekruttere nok helsepersonell. Den store auken i talet eldre, og samstundes ein nedgang i talet personar i yrkesaktiv alder, gjer denne rekrutteringsutfordringa endå meir krevjande i åra framover.

Reduserte fødselstal dei siste tiåra har ført til at talet barn og unge har gått ned. I perioden 2005 til 2025 har talet på barn og unge i alderen 0-19 år gått ned med -3 502 personar eller -5,4 prosent. I følge SSB sine framskrivingar vil denne gruppa bli ytterlegare redusert fram mot 2040. Frå 2025 til 2040 vil denne gruppa gå ned med -4 853 personar, ein nedgang på -7,9 prosent. Ser vi heile landet under eitt har talet på barn og unge auka med 3,7 prosent frå 2005 til 2025. For perioden 2025 til 2040 viser SSB sine framskrivingar ein nedgang i denne gruppa nasjonalt på -3,6 prosent. Dette er med andre ord ikkje ei utfordring som berre gjeld Møre og Romsdal, men vil gjere seg gjeldande i store delar av landet.

Færre yrkesaktive

Som følge av den sterke veksten i talet eldre dei neste tiåra, vil forholdet mellom yrkesaktive og eldre endre seg mykje. I 2010 var det 3,54 personar i yrkesaktiv alder (20-64 år) per eldre over 65 år, i 2040 er dette redusert til 2,01 yrkesaktiv per eldre over 65 år. Frå 2010 til i dag er det veksten i talet på eldre som har gjort at dette forholdet er endra. Fram mot 2040 vil vi i tillegg til den sterke veksten i talet eldre, òg få ein nedgang i tal personar i yrkesaktiv alder. I 2025 er det 152 461 i alderen 20-64 år i fylket, dette blir redusert til 148 659 i 2040. I same periode aukar talet eldre over 65 år frå 58 600 til 73 833 eldre i 2040.

Forrige tema:
Neste tema: