Vassførekomstane er truga av menneskeleg aktivitet
Møre og Romsdal vassregion følger nedbørfelt og dei naturgitte vasskilja, og er inndelt i vassområda Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Regionen består av mange korte vassdrag, med raskt fall frå fjell til sjø. Dei største vassdraga er Driva, Rauma, Surna og Eira/Aura. I den regionale vassforvaltningsplanen har alle vassførekomstar fått ein miljøtilstand, der målet er at alle skal oppnå minst god økologisk og kjemisk tilstand. Miljømåla har kategoriar for økologisk tilstand etter vassforskifta som er: Svært god, god, moderat, dårleg og svært dårleg. God økologisk tilstand inneber at artar og naturtypar er lite endra som følge av menneskeleg aktivitet. Sukkertareskog med god tilstand inneheld store tareplantar, småalgar, mikroorganismar, krepsdyr, sniglar og fisk. Dårleg økologisk tilstand inneber at artar og naturtypar er sterkt prega av menneskeleg aktivitet, og opphavelege førekomstar av artar og naturtypar er vesentleg endra. Dette fører til tap av artar og deira leveområde.
I vassregionen har vi totalt 2 452 vassførekomstar, fordelt på kystvatn (232), grunnvatn (118), innsjøar (408), og elvar og bekkefelt (1 694). Vi har til saman 23 694 km med elv og bekkar. Kunnskapen om vassførekomstane blir stadig oppdatert og forbetra, slik at vi kjenner tilstanden og kan setje inn tiltak dersom vi ikkje når måla våre for vatn i god tilstand.
Om lag 78 prosent av vassførekomstane totalt i regionen oppnår miljømålet om god miljøtilstand. Elveførekomstane har den størte delen dårleg tilstand. Kystvatnet har størst del moderat tilstand, men har samstundes også den største delen svært god tilstand.
Ser vi på miljøtilstanden i naturlege vassførekomstar fordelt på vassområde, ser vi at skilnadane ikkje er veldig store. Det er Søre Sunnmøre som har størst del naturlege vassførekomstar med dårleg eller svært dårleg tilstand, med 11 prosent. Regionen som kjem best ut her er Nordre Sunnmøre med berre 6,3 prosent dårleg eller svært dårleg tilstand. Regionen som kjem best ut med tanke på god eller svært god miljøtilstand er Nordre Nordmøre med nær 80 prosent. Dårlegast ut kjem Søre Sunnmøre med 76 prosent.
Vi har liten eller ingen kunnskap om miljøtilstanden i over 50 prosent av vassførekomstane. Vassregionen jobbar for å få overvaka fleire av dei, for å auke kunnskapen om miljøtilstand og kva som påverkar vatnet.
Vassførekomstar blir i stor grad påverka av ulike typar menneskeleg aktivitet. Urban utvikling, jordbruk og vasskraft er det som i størst grad påverkar. Avløp og spreidd avløp er ein del av kategorien urban utvikling, og er den enkeltfaktoren som påverkar flest vassførekomstar. Men også flomvern, fiskeri og akvakultur, industri og turisme/rekreasjon har stor påverknad på vassførekomstane. Der vi ikkje oppnår miljømåla, skal det settast i verk tiltak. Tiltaka er fordelt på avbøtande tiltak, førebyggande tiltak og kunnskapsinnhenting. Meir informasjon om status for vatnet i Møre og Romsdal vassregion, forslag til tiltak og mykje meir finn ein ved å gå inn på www.vann-nett.no.