Auke i tal verksemder, men lågare vekst enn i 2023
Det var 30 498 aktive verksemder i Møre og Romsdal ved inngangen til 2025. Det var registrert tilsette i 10 492 av desse. Det inneber at 66 prosent av verksemdene ikkje hadde tilsette. 4 713 verksemder hadde 1-4 tilsette, det utgjer 16 prosent av verksemdene. 30 verksemder hadde over 250 tilsette. Dette talet var 22 i 2010. Totalt er det 6 121 fleire verksemder i 2025 enn i 2010, ein vekst på 25,1 prosent.
Frå 2010 er det størst auke i verksemder med 50-249 tilsette og i verksemder utan nokon tilsette. Tal verksemder med 1-9 tilsette har ikkje same auke, her har talet gått litt opp og ned i perioden. Det er innan næringane Jordbruk, skogbruk, fiske, Omsetning og drift av fast eigedom, Bygg og anleggsverksemd og Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting at vi finn flest verksemder utan tilsette.
Auken frå i fjor var på 40 verksemder, det er langt svakare utvikling enn i 2023, da auken var 307 verksemder. Veksten i tal verksemder i Møre og Romsdal siste år var 0,1 prosent, landet totalt hadde ein vekst på 0,2 prosent (1 583 verksemder). I Møre og Romsdal var det størst prosentvis auke i verksemder innan kraftforsyning, nasjonalt var det verksemder innan informasjon og kommunikasjon som hadde størst relativ vekst. I Møre og Romsdal var det i 2024 vekst i 10 av 19 næringar (SSBs klassifisering).
Næringa med størst prosentvis nedgang i tal verksemder var finansiering og forsikring, med ein reduksjon på 4,4 prosent. I faktiske tal er det Bygg- og anleggsbransjen som har størst reduksjon med 107 færre verksemder i løpet av 2024.
Det er innan Jordbruk, skogbruk og fiske at det er registrert flest verksemder, med 3 979 verksemder. Det er 49 fleire enn i 2024, men 48 færre verksemder enn i 2015.
Møre og Romsdal har 4,6 prosent av verksemdene i Noreg, dette er ein litt lågare andel enn folketalet skulle tilseie (4,9 prosent av befolkninga). Det er særleg innan næringane Informasjon og kommunikasjon, Kultur, Underhaldning og fritid og Fagleg, Vitskapleg og teknisk tenesteyting at Møre og Romsdal har relativt få verksemder. Motsett har fylket relativt mange verksemder innan næringane Jordbruk, skogbruk og fiske, Bergverksdrift og utvinning, Industri, Kraftforsyning og Vassforsyning, Avløp og renovasjon.