Forord

Forord

Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeider kvar haust Fylkesstatistikken som blir publisert til fylkestinget si samling i oktober. I arbeidet er fleire avdelingar i fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal involvert. Det breie samarbeidet på tvers av avdelingar i fylkeskommunen og Statsforvaltaren gir stor breidde i tema og fagleg innhald.

Fylkesstatistikken gir ei oversikt over viktige utviklingstrekk i fylket. Den er såleis aktuell både for politikarar og administrativt tilsette i kommunar og fylket, samt næringsforum/næringsklynger. I tillegg håpar vi at den kan vere aktuell og interessant for samfunnsinteresserte innbyggarar i fylket.

Mange av temaa i Fylkesstatistikken går igjen frå år til år. Dette er tema som er viktig å følge over tid, slik som demografi, sysselsetting, næringsutvikling, utviklinga i arbeidsmarknaden og kommuneøkonomi. Fylkeskommunale tenesteområde som samferdsel, kultur, utdanning, tannhelse og folkehelse er også med. Du kan i tillegg finne artiklar om personleg økonomi, bustadbygging, kraftsituasjonen og avfallssortering for å nemne nokre. Sjølv om mange av temaa i Fylkesstatistikken går igjen frå år til år, prøver vi kome opp med nye tema kvart år. Døme på nye tema og artiklar i årets utgåve av Fylkesstatistikken er: Omsyn til klimaendringar, Naturkampen og lærebedrifter.

I tiåra som kjem vil befolkningssamansettinga endre seg mykje. Ein stor auke i talet på eldre og ein nedgang i talet på barn og unge, vil påverke tenesteproduksjonen og korleis vi løyser viktig samfunnsoppgåver framover. I tillegg kjem rekrutteringsutfordringar, mangel på krafttilgang og endra klima. For å møte desse utfordringane krev det oppdaterte planar på alle forvaltningsnivå. Eit viktig utgangspunkt for å utvikle gode planar er eit godt kunnskapsgrunnlag. Møre og Romsdal fylkeskommune håpar at Fylkesstatistikken vil gi innspel og bidrag til kunnskapsutviklinga og kunnskapsgrunnlag både i kommunane og i fylket. Ta gjerne kontakt med oss på statistikk@mrfylke.no om du har spørsmål eller kommentarar til Fylkesstatistikk 2025.

Forrige tema:
Neste tema: