Transportpolitikken må prioriterer fleire typar tiltak som unngår utslepp
I klimautvalet 2050 sin NOU 2023:25 Omstilling til lavutslipp – veivalg for klimapolitikken mot 2025 skriv dei om at dagens samfunn er basert på at både personar og gods skal transporterast, og at den omfattande mobiliteten i dag er av relativt ny dato. Transport er ein av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg og om lag en tredel av norske utslepp kjem frå transport (vegtrafikk, luftfart, sjøfart). Utsleppa frå transport er 25 prosent høgare i dag enn i 1990.
Klimautvalet rår til å bruke UFF-rammeverket (unngå, flytte og forbetre) når ein skal transformere transportsystemet til lågutsleppssamfunnet. UFF-rammeverket er ein prioritering av tiltak, første må ein planlegge slik at behovet for transport blir redusert så mykje som mogleg, fordi det legg føringar for andre tiltak. F.eks. bygge samfunnet slik at ein unngår mest mogleg bilbruk. Når det ikkje er mogleg å unngå aktiviteten, må ein prøve å flytte aktiviteten, f.eks. frå privatbil til tog. Berre aktivitetar som ikkje kan unngåast og ikkje kan flyttast kan bruke ressursar til forbetring, f.eks. overgang frå fossilt drivstoff til elbil. Ein må gjennomføre alle typar tiltak innafor UFF-rammeverket, men hovudlinjene i politikken må handle om å unngå etterspurnad etter transport. Fram til no har samfunnet lagt stor vekt på teknologiforbetringar, det gjeld også her i Møre og Romsdal med innfasing av elferjer og elbilar.
Elektrifisering av samfunnet førar til auka behov for kraft, ein må samstundes ha eit medvete forhald til at kraft er ein avgrensa ressurs med høg samfunnsmessig nytte til andre formål.
Den auka delen med elbilar, og andre nullutsleppskøyretøy, på vegane våre gjer at klimagassutsleppa frå vegtrafikken minkar, men den totale køyrelengda held seg stabil i fylket, i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Den totale køyrelengda for personbilar er stabil, bortsett frå ein liten «dupp» i koronaåret 2020. Køyring med fossilbilar har falle jamt og trutt medan hybridar, og ikkje minst elbilar, har auka køyrelengda si frå 2016 og fram til 2024. Køyrelengda for andre køyretøyskategoriar held seg også. Meir informasjon om klimagassutsleppa knytt til køyringa finst under overskrifta Klimagassutslepp.
Delen elkøyretøy i Møre og Romsdal er lågare for alle køyretøyskategoriar samanlikna med Noreg, bortsett frå mopedar og tunge motorsyklar, kor delen ligg på høvesvis 4,2 og 1,6 prosent i fylket vårt.
I tala frå SSB finn vi ingen elbussar i fylket. Dette skuldast at desse bussane er registrert ein annan stad enn Møre og Romsdal. I løpet av 2025 køyrer det 59 elbussar for FRAM; 10 i Ålesund, 30 i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla og 19 i Molde og Gjemnes. Prosentdelen elbussar er usikker. Både i 2026 og 2027 er det oppstart av nye kontaktar for FRAM, kor leverandøren skal køyre elbussar. I 2027 vil det dermed vere om lag 200 elbussar som køyrer for FRAM.