4. Sysselsetting og næringsliv

Cruisetrafikk

Møre og Romsdal er Noregs nest største cruisefylke, og Ålesund er landets mest populære cruisedestinasjon

Berre Vestland fylke har fleire cruiseanløp til saman enn Møre og Romsdal. I alt var det 651 cruiseskipanløp i fylket i 2024, med til saman 1 479 549 passasjerar. Det utgjer 18 prosent av alle cruiseskipanløp, og 25 prosent av alle cruisepassasjerar i Noreg.

656 678 passasjerar hadde Ålesund som destinasjon i 2024 som med det er Norges største destinasjon for cruiseturistar, framfor Bergen og Stavanger på 2. og 3. plass. Geiranger/Hellesylt var landets 4. største destinasjon, med 510 049 passasjerar. Også Molde og Åndalsnes var destinasjon for eit betydeleg tal cruisepassasjerar; i alt 189 186 og 96 835 i 2024.

Cruisetrafikken er godt over nivået frå før pandemien

Sidan 2010 er talet på cruisepassasjerar i Møre og Romsdal nesten firedobla. Det var ein vekst i både tal på passasjerar og anløp fram mot 2019, før tal på besøk kollapsa i 2020 og 2021. Næringa kom likevel sterkt tilbake etter pandemien, og allereie i 2022 var både tal anløp og tal passasjerar høgare enn 2019-nivå.

Juni til august er den heilt klare høgsesongen for cruisetrafikken i Møre og Romsdal, både med tanke på talet på anløp og passasjerar. Nesten 60 prosent av alle cruisepassasjerar som besøkte fylket i 2024 gjorde det i løpet av desse tre månadene. Likevel hadde Møre og Romsdal cruiseanløp gjennom alle årets månader i 2024, og tendensen dei siste åra er at cruisesesongen har blitt lenger enn tidlegare år.

Vanskeleg å talfeste verdiskapinga av cruisetrafikken

Cruiseturismen gir grunnlag for auka sysselsetting og verdiskaping i turistnæringa direkte, så vel som i detaljhandel, service- og transportnæringar. Det er likevel utfordrande å berekne både dei direkte, indirekte og induserte sysselsettings- og verdiskapingsringverknadene cruiseturismen gir samla sett for Møre og Romsdal.

I følgje ei kartlegging på oppdrag for Molde og Romsdal Hamn IKS hadde cruiseturistar i Molde og Åndalsnes i 2023 eit estimert forbruk på 128 millionar kroner. Dette forbruket blei berekna til å gi ringverknadar i form av 52 millionar kroner i verdiskaping, og 115 sysselsette personar i regionen.

*LENKE TIL KARTLEGGINGA*
https://www.molde-romsdalhavn.no/uploads/pictures/BDO_Samfunnsmessige-verdier-av-passasjer-og-godstrafikk-i-Molde-og-Romsdal-Havn.pdf

Forrige tema:
Neste tema: