14. Natur og areal

Planreserve

Arealrekneskapen viser store arealreservar

Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeider no åreleg eit arealrekneskap. Dette gir ei god oversikt over allereie nytta areal og dei arealreservane som ligg i arealplanane i den enkelte kommune. Arealrekneskapen gjer det mogleg å ha oversikt over den samla arealbruken og arealreservane i fylket.

Det er store unytta areal avsett i dei kommunale arealplanane. Desse unytta areala blir i mange samanhengar omtalt som planreserven. Til dømes er det avsett 55 210 dekar til fritidsbustadar og 38 027 dekar til bustadar og sentrumsføremål i fylket. Det betyr at det i utgangspunktet er lagt til rette areal i arealplanane til bygging av fleire titusen hytter i fylket. Det er òg avsett i plan relativt store areal til næringsverksemd. Samla for fylket er det avsett 32 050 dekar til dette føremålet.

Arealreserven er ikkje tomme areal

Planreservane legg beslag på ulike arealtypar. Skog er den arealtypen som i størst grad er omfatta av planreservane. I arealplanane ligg det planar for bruk av areal som omfattar 76 519 dekar med skog. Open fastmark er nest etter skog den arealtypen som er mest omfatta av arealplanane, 41 211 dekar open fastmark er planlagt brukt til ulike føremål.

Planreservane omfattar arealtypar som er sårbare. Blant anna er 17 582 dekar som i dag er nytta til landbruksføremål omfatta av arealplanane. Med tanke på matsikkerheit og beredskap er landbruksjorda viktig. Det er òg planar om bruk av 24 906 dekar myr til ulike føremål. Myr har ei viktig rolle som karbonlager og med utsikter til eit våtare klima er myra viktig for å halde på vatn og for å hindre flaum. Det er òg planar om arealbruk som omfattar naturvernområde og villreinområde i fylket.

Forrige tema:
Neste tema: