19. Likestilling og demokrati

Likestillingsindeksen

Fylket under landsgjennomsnittet på 11 av 12 likestillingsindikatorar

I desember kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks. Indikatorane er basert på tilgjengeleg registerstatistikk på kommunenivå. SSB reknar ut ein skår som går frå 0 til 1. Jo nærare skåren er verdien 1, jo høgare er graden av målt likestilling.

Den generelle tendensen er at det har vorte meir likestilling mellom kvinner og menn i Noreg sidan indikatorane for kjønnslikestilling i kommunane vart publisert for første gong i 2008. På nesten alle dei 12 indikatorane har det vore ei utvikling i retning av meir likestilling, men med ulik styrke. Unntaket er forskjellen i utdanningsnivå, der gapet har auka – i kvinners fordel.

Både for Møre og Romsdal og landet samla er det størst kjønnsbalanse på indikatorane som måler forholdet mellom andel kvinner og menn i arbeidsstyrken og andel barn 0-5 år som går i barnehage. Minst kjønnsbalanse er det på indikatorane som måler deltidsarbeid og grad av kjønnsbalansert næringsstruktur.

Møre og Romsdal er blant fylka som kjem dårlegast ut på indikatorane for kjønnslikestilling. To regionar i Noreg peiker seg ut som meir likestilt på mange område. Det gjeld det sentrale Austlandsområdet og Nord-Noreg. Sør- og Vestlandet har i stor grad hatt lågare skår på mange av likestillingsindikatorane. SSB forklarar dette med forhold knytt til næringsstrukturar, arbeidsmarknadane og ulike tradisjonar og sosiale normer.

Den indikatoren som Møre og Romsdal kjem svakast ut på samanlikna med landsgjennomsnittet, er forholdet mellom menn og kvinners utdanningsnivå. Berre i Troms/Finnmark er gapet større enn her. I Møre og Romsdal (2023) hadde 37,8 prosent av kvinnene høgare utdanning mot 25,1 prosent blant menn. Nasjonalt er desse tala 42,4 prosent og 32,1 prosent. I følgje SSB kan store kjønnsforskjellar i utdanning bidra til å reprodusere ulikheiter i arbeidslivet. Det kan også ha demografiske konsekvensar.

Stagnasjon i andel fedre som tek ut heile fedrekvota

Ein indikator der Møre og Romsdal tradisjonelt har gjort det bra, men der vi no for første gong er under landsgjennomsnittet, er andelen fedre som tek ut heile fedrekvota eller meir. I 2023 var dette talet 65,3 prosent i Møre og Romsdal og 65,9 prosent i landet. Nasjonalt var det ein auke frå 2022 til 2023 på 1,2 prosentpoeng, medan det for fedre i Møre og Romsdal var ein reduksjon på 0,3 prosentpoeng.

Det er stor forskjell mellom kommunane i fylket når det gjeld andelen fedre som tek ut heile fedrekvota. Lågast er delen i Kristiansund med 58,3 prosent og Sande med 59,0 prosent. Høgast er delen i Gjemnes med 85,0 prosent og Rauma med 74,4 prosent.

Andelen fedre som tok ut heile fedrekvota eller meir gjekk ned i 12 av 26 kommunar i Møre og Romsdal frå 2022 til 2023. Størst reduksjon var det i Fjord, Volda og Vanylven, størst auke var det i kommunane Rauma, Averøy og Sykkylven.

Forrige tema:
Neste tema: