Auka press på kommuneøkonomien
Kommunesektoren står framfor store økonomiske utfordringar dei komande åra. Kommunane har eit omfattande ansvar for viktige velferdstenester, men økonomien blir stadig meir pressa. Når utfordringane veks, vert det enda viktigare – og vanskelegare – å prioritere klokt politisk.
Vi står ovanfor store utfordringar i åra som kjem. Kommunane har ansvar for å løyse viktige oppgåver. Kommuneøkonomien blir trongare, og når utfordringane er store, blir dei politiske prioriteringane vanskelegare og viktigare.
Svake driftsresultat og høg gjeld
Dei mest sentrale indikatorane i kommuneøkonomien er netto driftsresultat, storleiken på disposisjonsfondet og netto lånegjeld. Det er samanheng mellom desse indikatorane og saman gir dei eit godt bilete av den økonomiske tilstanden i kommunane.
Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er summen av alle inntekter trekt frå alle utgifter. Teknisk beregningsutvalg (TBU) rår til at netto driftsresultat for kommunesektoren bør liggje på minst 1,75 % av brutto driftsinntekt over tid for å sikre ei berekraftig økonomiforvaltning. I 2024 er det berre fem kommunar i fylket som oppnår dette nivået, medan heile 20 kommunar har eit negativt netto driftsresultat. Dette viser at dei fleste av kommunane har eit kostnadsnivå som er for høgt i høve inntektene. Kommunar som har hatt negativt driftsresultat over fleire år, må ta grep og arbeide for å bringe økonomien i balanse.
Disposisjonsfondet er kommunens «sparepengar». Det vert tilrådd at disposisjonsfondet utgjer minst 5-10 prosent av brutto driftsinntekt. Eit slikt fond gir handlingsrom til å handtere svingingar i økonomien, og kan nyttast til både drifts- og investeringsføremål og skal brukast om kommunerekneskapen viser meirforbruk. Det er tydeleg å sjå at fleire kommunar har balansert ein vanskeleg økonomisk situasjon med tidlegare oppsparte midlar. For mange er det snart tomt.
Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt er ein annan sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunen. Netto lånegjeld blir brukt som mål på kommunen si gjeld knytt til tenesteytinga. Gjeldsnivået varierer mykje mellom kommunane.
Renteeksponert gjeld er den delen av kommunen si gjeld som vert direkte påverka av endringar i rentenivået. Med langvarig høgt rentenivå går store delar av driftsbudsjettet til rentekostnader.
Samla sett må mange kommunar i Møre og Romsdal ta grep for å oppnå økonomisk balanse i tida som kjem. Om nødvendige tiltak ikkje vert gjennomførte no, er det stor fare for at fleire kommunar vert innmeldt i ROBEK.