14. Natur og areal

Naturkampen

Kristiansund er best i Møre og Romsdal til å ta vare på natur

Naturkampen er miljøorganisasjonen Sabima sin årlege gjennomgang av korleis norske kommunar tek vare på naturen og areala dei forvaltar. Dette blir målt ved bruk av 32 ulike indikatorar fordelt på fem ulike kategoriar. For første gong er også dei 15 fylka rangert frå best til dårlegast.

Data i Naturkampen er henta frå mange ulike kjelder, mellom anna kommunane sine eigne plankart, kommunane si rapportering i KOSTRA, tal frå Miljødirektoratet, tal frå Fiskeridirektoratet, tal frå SSB og kommunane sine svar på spørjeskjema frå Sabima.

Samla for dei fem kategoriane kjem Møre og Romsdal som nummer 7 av 15 fylke. Øvst på rangeringa er Oslo og Akershus, og dårlegast er Agder og Finnmark.

Den kategorien Møre og Romsdal kjem best ut på er dispensasjonar. I dette ligg dispensasjonar i strandsona, nydyrking av myr og dispensasjonar i LNFR-område (Landbruk, natur, friluftslivs- og reinbeiteområde). Her er vi rangert som nummer 4 av 15.

Dårlegast rangering får Møre og Romsdal på naturens tilstand, dvs. gjenværande strandsone,  gjenværande inngrepsfri natur (meir enn ein kilometer unna større naturinngrep), økologisk tilstand på vassførekomstar og andel verna natur. Her er vi nummer 9 av 15 fylke.

Beste kommunen i Møre og Romsdal samla sett er Kristiansund som i 2025 hamner på 24. plass av alle 357 kommunane. Deretter følgjer Sunndal på 31. plass og Sula på 38. plass. Dei kommunane i fylket som kjem lengst ned på rangeringa er Aure på 335. plass, Hustadvika på 290. plass og Molde på plass 274.

For meir detaljert informasjon om korleis kommunane og fylket gjer det, sjå nettsida til Sabima.

Forrige tema:
Neste tema: