7. Folkehelse

Helsevanar for vaksne

Vaksne sine helsevanar

Helseutfordringar blant vaksne i Møre og Romsdal er tett kopla til livsstilsfaktorar som overvekt, inaktivitet og muskel- og skjelettplager.

Overvekt og fedme aukar

Tal frå Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal frå 2021 viser at 19,4 prosent over 18 år har fedme, definert som kroppsmasseindeks (KMI) på 30 eller høgare. Antalet med fedme følgjer utdanningsnivået og det er fleire med låg utdanning som har fedme, enn ved høg utdanning.

På første svangerskapskontroll er det fem prosent auke i kor mange kvinner i fylket som er overvektig eller har fedme frå 2018-2020 til 2022-2024, dette er likt med landet. Fylket ligg i midtsjiktet samanlikna med andre fylke i landet når det gjeld antalet med overvekt eller fedme på fyrste svangerskapskontroll. Overvekt og fedme gir auka risiko for ei rekke helseplager, inkludert muskel- og skjelettlidingar, hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2.

Færre trenar

Frå 2021 til 2024 har det vore 5,8 prosent nedgang i kor mange som har trena dei siste 12 månadane i fylket. For landet har det vore ein lita auke frå 86,2 prosent til 86,9 prosent. Dei som aldri trenar har auka frå 10,8 prosent i 2021 til 16,2 prosent i 2024, mot landet som har halde seg stabilt på 13,1 prosent. Kor mange som trenar fleire gongar i veka har også gått ned, frå 62,7 prosent til 60,5 prosent. I dette avsnittet tek vi eksplisitt for oss trening, tal knytt til friluftslivsaktivitet finn de under fana «friluftsliv».

Årsaka til nedgangen i treningsvanane i fylket kan vere mangfaldig. I fylket seier 29,7 prosent at dei har for lite tid til å trene og 16,7 prosent seier det er for dyrt å trene, noko som er litt høgare enn landsnittet på 27,1 prosent og 15,7 prosent. Derimot er det nesten 6 prosent færre med helseplager som hinder for trening, samanlikna med landet.

Auke i muskel- og skjelettplager

Omlag 30 prosent kvinner og 20 prosent menn har langvarige muskel- og skjelettplager i fylket. Frå perioden 2010–2012 til 2020–2022 auka førekomsten av muskel- og skjelettplager både i landet og fylket. Auka er størst hos kvinner og fylket ligg over landssnittet for begge kjønn. Tal frå 2020-2022 viser at førekomsten varierte mellom kommunane og det er høgast førekomst hos distriktskommunane på Sunnmøre, spesielt hos kvinner, der over 800 per 1000 innbyggar har muskel- og skjelettplager. Kommunane med lågast førekomst er Smøla, Sande, Fjord og Aure. I Møre og Romsdal ser ein at kommunar med høg førekomst av muskel- og skjelettplager har òg utfordringar knytt til overvekt og sjukefråvær.

Forrige tema:
Neste tema: