Mindre ressursar til den kulturelle skolesekken
Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørger for at alle elevar i heile landet får oppleve profesjonell kunst og kultur. I ordninga får elevane moglegheit til å oppleve, gjere seg kjent med og utvikle forståing for profesjonelle kunst og kulturuttrykk. Det skal vere av høg kvalitet og vise bredde innan film, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst.
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for den regionale forvaltninga av ordninga, og skal sørge for å oppfylle mål og føringar for ordninga. Vi har eit fagleg ansvar og skal legge rette for koordinering, dialog, oppfølging av utøvarar, kommunar og skolar samt nyutvikling i ordninga.
I 2024 brukte Møre og Romsdal fylkeskommune 2,7 årsverk til administrering og organisering av DKS-tilbodet i fylket. Berre Finnmark hadde lågare ressursar, med 2,5 årsverk. For Møre og Romsdal sin del er dette 58,5 prosent lågare enn landsgjennomsnittet som er 6,5 årsverk. Til samanlikning hadde Trøndelag 6,8 årsverk og Vestland 7 årsverk knytt til organisering av DKS.
Møre og Romsdal hadde i 2021 heile 4,5 årsverk knytt til organisering av DKS, noko som har gitt ein nedgang på omkring 36 prosent frå 2021 til 2024. Til samanlikning har den samla nedgangen på landsbasis sidan 2022 vore 10 prosent.