Stort fokus på yrkesfag
Det er eit auka fokus på yrkesfag nasjonalt, til dømes vart det i 2025 etablert eit nasjonalt senter for fag- og yrkesopplæring. Kontoret vart lagt til Molde og plasseringa er vel eit resultat av at fylket har lang tradisjon i å utdanne fagarbeidarar og ikkje minst eit næringsliv som etterspør denne kompetansen.
Auke i talet studentar og fagtilbod i fagskolane
Dei seinare åra er det fleire og fleire som har tatt høgare yrkesfagutdanning ved ein av dei mange fagskolane i Noreg. Tilboda og talet på studentar har auka mykje dei siste åra. I følge Nasjonal database for høgare utdanning (DBH-HYU), var det 15 070 fagskolestudentar i Noreg våren 2015, til samanlikning var det 31 090 fagskolestudentar våren 2025. Talet på fagskolestudentar har med andre ord meir enn dobla seg frå 2015 til i dag.
Talet på studentar i fagskolane i Møre og Romsdal auka frå 390 studentar våren 2024 til 495 studentar våren 2025, ein auke på 105 studentar eller 27,0 prosent. Nye tilbod og skolar har kome til, Norsk fjellfagskole AS på Åndalsnes er eit døme på dette. Det er våren 2025 registrert 50 studentar ved Norsk fjellfagskole. Den største aktøren av fagskolane i fylket er Fagskolen i Møre og Romsdal med avdeling i Ålesund og Kristiansund. Det er eit fylkeskommunalt tilbod, der det våren 2025 var til saman 370 studentar. Desse fordelte seg på 150 studentar ved avdelinga i Kristiansund og 220 studentar ved fagskolen si avdeling i Ålesund.
Møre og Romsdal er etter Finnmark det fylket som har færrast fagskolestudentar. Fleire av fylka med færre innbyggarar enn Møre og Romsdal har langt fleire studentar i fagskolane sine. Eit døme kan vere Vestfold og Telemark som høvesvis har 1 745 og 1 145 fagskolestudentar våren 2025.
Variasjon i fagskoletilbodet i fylka
I alle fylka utgjer fagområda Naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag ein stor del av fagtilbodet. Særleg i Agder, Buskerud og Telemark er dette det fagområdet som har flest studentar. I tillegg til dette fagområdet er tilbod innanfor Helse-, sosial og idrettsfag store fagområde i fleire fylke, eit døme er i Østfold der desse tilboda har mange studentar. I Møre og Romsdal og Nordland går ein relativ stor del av elevane på tilbod innanfor fagområda Samferdsels- og sikkerheitsfag og andre servicefag, dette i tillegg til at fagområda helsefag og naturvitskaplege fag har mange studentar.