3. Arbeidsmarknad

Sjukefråvær og arbeidsløyse

Svak nedgang i det legemeldte sjukefråværet

Det legemeldte sjukefråværet i Møre og Romsdal gjekk ned frå 5,9 prosent i 2. kvartal 2024 til 5,8 prosent i 2. kvartal 2025, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng. Nasjonalt var det i same periode ein nedgang frå 5,9 prosent til 5,6 prosent, med det ein nedgang på 0,3 prosentpoeng. Historisk har det legemeldte sjukefråværet ligge høgare i Møre og Romsdal enn i landet totalt. Dette utjamna seg i 2024 då det var ein sterk auke nasjonalt, men no er nedgangen sterkare nasjonalt enn i Møre og Romsdal.

I 2. kvartal 2025 er det legemeldte sjukefråværet for lønstakarar høgast i Vanylven med 7,7 prosent, det er på same nivå som det var i 2. kvartal 2024. Lågast var det legemeldte sjukefråværet i Sunndal, med eit legemeldt sjukefråvær på 4,2 prosent. Størst prosentvis nedgang i det legemeldte sjukefråværet var det i Aure, der sjukefråværet gjekk ned med -25,4 prosent frå 2. kvartal 2024 til 2. kvartal 2025.

Høgast legemeldt sjukefråvær var det i 2. kvartal 2025 i Finnmark med 6,7 prosent, lågast sjukefråvær var det Rogaland og Oslo med 4,8 prosent.

Låg arbeidsløyse i Møre og Romsdal

Trass i fleire år med høgare rente, auka prisar og ikkje minst internasjonal uro, har arbeidsløysa i fylket halde seg låg. I følgje NAV sine tal over ledige som har meldt seg som arbeidssøkande, er delen heilt ledige i Møre og Romsdal på 1,8 prosent i august 2025. Det er ein liten oppgang frå august 2024, då 1,7 prosent var heilt ledige. For landet som heile var 2,2 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i august 2025, ein oppgang frå 2,0 prosent i august 2024. Ledigheita er altså 0,4 prosentpoeng høgare nasjonalt enn kva som er tilfelle i Møre og Romsdal.

Det har vore stor variasjon i kor stor del av arbeidsstyrken som er heilt ledige i den enkelte kommune, men no må ein kunne seie at arbeidsløysa er låg i alle kommunane i fylket. Tingvoll som i august hadde 2,4 prosent heilt ledige, var einaste kommunen i fylket som hadde høgare del heilt ledige enn snittet for landet.

Lågast andel heilt ledige er det i Fjord kommune med berre 0,7 prosent heilt ledige. Sande er saman med Fjord dei to kommunane som har under 1 prosent heilt ledige. I august 2025 var det i Sande 0,9 prosent heilt ledige.

Av fylka var det i august 2025 høgast del heilt ledige i Oslo og Østfold med 2,9 prosent, mens det var lågast del i Troms med 1,3 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: