13. Miljø, klima og energi

Energi

Møre og Romsdal har ei sårbar kraftforsyning

Elektrifiseringa av samfunnet legg eit stadig aukande press på kraftsystemet i Møre og Romsdal, som allereie er sterkt utfordra med omsyn til kapasitet. Forsterking av overføringskapasitet i nettet mellom nord og sør i Noreg vil også bidra til prissmitte frå sør slik at straumprisane i prisområde NO3 vil auke betrakteleg i åra framover.

I 2024 var samla kraftproduksjon i fylket 6,5 TWh, medan forbruket var 13,1 TWh. Det er forventa at kraftforbruket vil auke betydeleg, med stor etterspurnad spesielt frå datasenter, industri og oppdrettsanlegg. Samstundes er det meldt inn svært få tilknytingssaker for ny produksjon til nettselskapa. Kraftgapet vil derfor auke og fylket må importere ein stadig større del av krafta, til ein pris som forventa både vil stige og variere meir og raskare.

Kraftkrevjande industri står for om lag 70 prosent av straumforbruket i fylket. Geografisk kan ein sjå at dei fire kommunane Sunndal, Aukra, Hustadvika og Ålesund saman står for 76 prosent av forbruket. Særskild utmerker Sunndal seg, kor Hydro Aluminium Sunndal aleine har eit kraftforbruk på om lag 6,1 TWh.

Total kraftproduksjonskapasitet i fylket er på ca. 1 700 MW. Forventa årsmiddelproduksjon er på 7,5 TWh, ref. NHO, Kraftløftet. Faktisk produksjon vil variere med ver, etterspurnad og tekniske forhold. I 2024 utgjorde vasskraft heile 93 prosent av kraftproduksjonen og vindkraft 6,5 prosent. Meir informasjon ligg på nettsidene NVE, status for ny vannkraftproduksjon og NVE, Data for utbygde vindkraftverk i Norge.

Per oktober 2025 er samla installert effekt for solkraft i Møre og Romsdal 11,1 MW, med estimert årleg produksjon på 6,4 GWh. I 2024 blei det installert 4 MW ny solkraftkapasitet, medan det per oktober i 2025 berre er installert 1 MW ny kapasitet. Størst andel solkraft finn ein i Molde kommune, med 2,85 MW installert effekt og ein estimert årleg produksjon på 1,56 GWh. Det er eit stort unytta potensial for solkraft i fylket. Samla teoretisk potensial er 13,7 TWh/år, fordelt på bygg og grå areal. Oversikt over solkraftpotensial per kommune finn du på Kraftproduksjon dashboard Møre og Romsdal.

Meir informasjon om kraftsituasjonen i Møre og Romsdal finn du her: Energi - Møre og Romsdal fylkeskommune.

Forrige tema:
Neste tema: