Framleis auke i arbeidspendlinga frå utlandet
Det var ein topp i arbeidspendlinga frå utlandet i 2019. Det året pendla 6 244 personar frå utlandet til arbeidslivet i Møre og Romsdal. Innpendling sokk under Covid-19 pandemien, men har auka igjen i åra etter pandemien. Dette kom som ein naturleg følge av lågare aktivitetsnivå i næringslivet og ikkje minst strenge restriksjonar ved innreise til landet. I 4. kvartal 2023 var det 4 932 personar, fordelt på 4 196 menn og 766 kvinner, som jobbpendla frå utlandet til Møre og Romsdal. Innpendlinga auka til 5 153 personar i 4. kvartal 2024, ein auke på 191 personar eller 3,8 prosent. I 4. kvartal var det 4 555 menn og 598 kvinner som pendla frå utlandet til fylket for å jobbe. Det er framleis ei stykke til innpendlinga er tilbake på 2019-nivå, då over 6 000 personar jobbpendla frå utlandet.
Det er i industrien dei fleste som pendlar frå utlandet jobbar i. I 4. kvartal 2024 var det 3 150 personar som pendla frå utlandet til arbeid i sekundærnæringa i fylket. Om lag 500 pendlarar frå utlandet jobbar i sørvisnæringane.
Innvandrarar i Møre og Romsdal har høgare yrkesdeltaking enn i landet elles
I 4. kvartal 2024 var 71,6 prosent av mennene og 65,9 prosent av alle kvinner i Møre og Romsdal sysselsett (15-74 år). Dersom ein ser på befolkninga utanom innvandrarane, er det 72,7 prosent av mennene og 66,4 prosent kvinnene som er sysselsett.
Gruppa som har høgast sysselsetting er innvandrarar frå Norden utanom Noreg, EU/EFTA, Storbritannina, USA, Canada, Australia og New Zealand. Av alle menn frå desse landa er 73,5 prosent sysselsett i 4. kvartal 2024, mens 72,9 prosent av kvinnene frå desse landa er sysselsett. Innvandrarar frå land i Europa utanom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utanom USA og Canada, Oseania utanom Australia og NZ, polare område er 56,3 prosent av mennene sysselsett og 57,2 prosent av kvinnene sysselsett.
Samla er det er høgare arbeidsdeltaking blant innvandrar i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet. Bryt vi dette ned på kjønn og dei to innvandringskategoriane, finn vi at det særleg er kvinnene som kjem godt ut i Møre og Romsdal. For menn ligger Møre og Romsdal under landsgjennomsnittet i sysselsetting av innvandrarar frå land i Europa utanom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utanom USA og Canada, Oseania utanom Australia og NZ, polare område.