11. Helse og levekår

NEET - Ungdom utanfor arbeid og skole

Mange ungdommar i utanforskap

Det har dei seinare åra vore eit stort fokus på menneske i utanforskap, særleg dei unge. Mange unge står utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak både i Møre og Romsdal og i landet elles. Internasjonalt er omgrepet NEET brukt. NEET står for «Not in employment, education or training». Dette er med andre ord ikkje eit norsk fenomen. I Noreg blir omgrepet NEET brukt mykje om ungdom og unge vaksne i alderen 15-29 år.

I Møre og Romsdal var det 4 409 personar i 2024 som stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Dette er ei auke på 41 personar frå 2023. Dei 4 409 unge i utanforskap utgjer 9 prosent av alle unge i alderen 15-29 år i fylket. Det er med andre ord ei marginal endring i talet på ungdom i utanforskap frå 2023 til 2024. Talet på ungdom i utanforskap hadde i Møre og Romsdal ein topp i 2015, då 5 687 personar i alderen 15-29 år var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Sidan 2015 har talet på unge i utanforskap gått litt ned før det frå 2022 har auka litt igjen.

I 2024 var 22,4 prosent av unge med innvandrarbakgrunn utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak i fylket. I den resterande delen av befolkninga var det til samanlikning berre 6,6 prosent av unge i alderen 15-29 år som var i utanforskap.

Nasjonalt er det over hundre tusen unge i utanforskap

Dei nasjonale tala for unge i utanforskap følger same utvikling som i Møre og Romsdal. I 2024 var det nasjonalt 104 385 personar i alderen 15-29 år som stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Dette utgjer 10 prosent av alle unge i denne aldersgruppa. NEET-gruppa auka nasjonalt med 2 121 personar frå 2023. Det nasjonale snittet for unge i utanforskap er 1 prosentpoeng høgare enn i Møre og Romsdal. Det var som i Møre og Romsdal ein topp i talet på ungdom i utanforskap i 2015. Då var det nasjonalt 124 817 personar som var utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak.

Store skilnadar kommunane imellom

Det er stor variasjon i delen unge i utanforskap kommunane imellom. Lågast del unge i utanforskap er det i Stranda med 6,8 prosent av dei i aldersgruppa 15-29 år. Høgast del er i Gjemnes der 13,9 prosent av dei unge ikkje er i arbeid, utdanning eller i arbeidsmarknadstiltak. I 8 av kommunane i fylket er delen unge i utanforskap høgare enn i landet totalt.

Forrige tema:
Neste tema: