16. Samferdsel

Miljø

Klimagassutsleppa frå kollektivtransporten går ned, men ikkje så raskt som planlagt

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein pådrivar for å løyse klima- og miljøutfordringane. Fylkeskommunen har eit mål om at kollektivtransporten skal redusere klimagassutsleppa sine med 55 prosent i løpet av 2024, samanlikna med klimagassutsleppa i 2019.

Årleg klimagassutslepp for buss, ferje og hurtigbåt i Møre og Romsdal var vel 89 000 tonn CO2-ekvivalentar i 2019. Ein klimagassreduksjon på 55 prosent utgjer eit kutt på nesten 49 000 tonn CO2-ekvivalentar. Klimagassreduksjonen frå kollektivtransporten frå 2019 til utgangen av 2024 var på nær 33 000 tonn CO2-ekvivalentar. Dette er ein stor nedgang, men klimamålet er altså ikkje oppnådd enno. Prognosen for klimagassutsleppa frå kollektivtransporten framover til 2030 er basert på at fylkeskommunen sine planar om utsleppskutt blir følgt opp.

Status for 2024 er at 9 av dei 10 ferjesamband som var planlagt elektrifisert er elektrifisert, og det siste av desse sambanda blir elektrifisert i løpet av 2025. Når alle desse ferjesambanda er elektrifisert, vil Møre og Romsdal fylkeskommune ha 16 fartøy som seglar med hybridelektrisk framdrift.

Møre og Romsdal fylkeskommune sin del av energibehovet til Kystekspressen som seglar mellom Kristiansund og Trondheim, er inkludert i tala for hurtigbåt.

Elektrifisering av bussane held fram i komande busskontraktar, og det er forventa reduserte klimagassutslepp frå bussane. Fylkeskommunen har framleis eit mål om 55 prosent reduksjon av klimagassutsleppa i kollektivtransporten, men er noko forseinka samanlikna med opphaveleg plan.

Forrige tema:
Neste tema: