Meir enn 40 000 pendlarar i Møre og Romsdal
I følge Statistisk sentralbyrå sin definisjon er ein pendlar ein sysselsett som har arbeidsstaden sin i ein annan kommune enn han har bustadadresse. Talet pendlarar blir altså berekna ut i frå bustad i folkeregisteret, mens arbeidsstaden er registrert i ein annan kommune. Det er ikkje mogleg ved hjelp av koplinga bustadadresse og arbeidsadresse å seie noko om frekvensen i pendlinga. Den sysselsette kan til dømes ha heimekontor deler av veka og pendlar som følge av dette ikkje over kommunegrensa dagleg. Det kan vere ei feilkjelde at enkelte bedrifter har registrert sine arbeidstakarar ved eit hovudkontor, men i praksis har fleire andre lokasjonar der tilsette har sin arbeidsstad.
40 452 personar i Møre og Romsdal har arbeidsstad i ein annan kommune i fylket enn den dei bur i. Møre og Romsdal har også eit samla pendlarunderskot. Det betyr at det er fleire sysselsette som pendlar ut av fylket (10 959 personar) enn som pendlar inn til Møre og Romsdal (6 494 personar). Andelen utpendlarar frå fylket auka marginalt frå 2023 til 2024, og utgjer 7,9 prosent av dei sysselsette som bur i Møre og Romsdal.
Sju av 27 kommunar i Møre og Romsdal har pendlingsoverskot, dvs. at fleire pendlar inn til kommunane enn ut. Ålesund og Molde har dei største pendlingsoverskota, med hhv. 3 009 og 2 814 personar i netto innpendling. Også Herøy, Ulstein, Stranda, Sunndal og Volda har fleire innpendlarar enn utpendlarar. Hustadvika har det største pendlingsunderskotet, med 2 221 personar i netto utpendling.
Fleire kommunar som ligg tett på dei store byane Ålesund, Molde og Kristiansund har stor grad av utpendling til desse. Det er også betydeleg pendling mellom byane, og frå dei fleste kommunar til større byar elles i landet som Oslo, Bergen og Trondheim.
Sula og Hareid er dei relativt sett største utpendlarkommunane i fylket, kor høvesvis 59 og 54 prosent av dei sysselsette som er busett i kommunen jobbar i ein annan kommune. Sunndal har relativt minst utpendlarar; 13 prosent av dei busette sysselsette pendlar ut av kommunen. Målt etter innpendling er det Ulstein som relativt sett tiltrekk seg flest pendlarar. Heile 47 prosent av dei sysselsette i Ulstein bur i ein annan kommune. Smøla har minst innpendling, kor 14 % av dei sysselsette er innpendlarar.