4. Sysselsetting og næringsliv

Nyetablerte føretak og overleving

Høg overleving

Av nyetablerte føretak etablert i 2018 er 35,3 prosent framleis i drift etter 5 år. Det er 2,7 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal har den nest høgaste overlevingsraten etter 5 år. Av 1 857 føretak som vart starta i 2018, er 655 framleis i drift etter 5 år. Innlandet har høgast overleving med 36,1 prosent.

Fjord har den høgaste overlevingsraten for nyetablerte føretak frå 2018, med 55,6 prosent følgd av Sunndal med 52,5 prosent og Surnadal med 51,2 prosent. Aukra og Tingvoll følger bak med 50,0 prosent overleving av nyetablerte føretak frå 2018.

Nedgang i nyetableringar

I 2024 vart det registrert 2600 nye føretak1 i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang på 15,6 prosent frå året før kor det vart registrert 3082 nye føretak. I landet elles gjekk tala på nyetableringar ned med 15,8 prosent.

Heile 1 238 eller 47,6 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablert i Ålesund, Molde og Kristiansund. Etter dei store byane var det flest nyetableringar i Volda (112), Ørsta (102) og Hustadvika (103).

Etableringsgraden er under landsgjennomsnittet

Etableringsgrad er eit mål som blir brukt for å samanlikne etableringsaktiviteten i ulike område. Etableringsgraden viser talet på nyregistrerte føretak i høve til talet på eksisterande føretak. I 2024 var etableringsgraden i Møre og Romsdal 9,5 prosent, medan landsgjennomsnittet var 10,3 prosent. To kommunar i fylket hadde høgare etableringsgrad enn landsgjennomsnittet: Hareid med 11,4 prosent og Giske med 11,0 prosent. Lågast etableringsgrad var det i Aure med 3,9 prosent, følgd av Vanylven (5,0 prosent) og Smøla (5,1 prosent).

Nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar er også lågare i fylket

Målt i nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar, ligg Møre og Romsdal lågare enn landsgjennomsnittet (12,2). Fjord har høgast etableringsrate i fylket med 11,6 føretak per 1 000 innbyggarar, følgt av Ålesund (11,5) og Rauma (11,3). Samstundes har Aukra den lågaste etableringsraten i fylket med 4,8 nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar, etterfølgt av Sunndal (5,6) og Aure (6,5).

Flest føretak innan teknisk tenesteyting

Dei største næringane i 2024, målt i talet på nyetableringar, var teknisk tenesteyting (493 nyetableringar), personleg tenesteyting (268), bygg og anleggsverksemd (238), varehandel og reparasjon av motorvogner (199) og helse- og sosialtenester (142). Alle desse næringane hadde ein nedgang frå 2023 til 2024, der bygg og anleggsverksemd hadde den største prosentvise tilbakegangen (−18,5 %). Teknisk tenesteyting er framleis den største næringa, men også her var det ein nedgang på 4,8 prosent frå året før.

1 Obs:

Tala for siste årgang er foreløpige. Ein mindre del av dei nye føretaka er reaktiveringar, og det foreløpige datagrunnlaget for desse er noko ufullstendig. Dei endelege tala for registrerte nye føretak ligg truleg rundt 5 prosent høgare enn dei foreløpige.

Forrige tema:
Neste tema: