Høgast medianinntekt for hushalda i Rogaland
Samla for alle typar hushald var medianinntekt i 2023 på 811 000 kroner i Møre og Romsdal. Sidan 2013 har den stige med nærare 200 000 kroner, frå 613 000 kroner.
Høgast medianinntekt for alle hushald er det i Rogaland med 893 000 kroner i 2023. I 2023 var det lågast medianinntekt i Innlandet med ei hushaldsinntekt på 736 000 kroner. Det skil altså 157 000 kroner i medianinntekt mellom hushald i Rogaland og Innlandet fylke.
Stor skilnad mellom kommunane i hushaldingane si inntekt
For alle hushald er det høgast medianinntekt i Giske. I 2023 var den på 967 000 kroner, heile 156 000 kroner høgare enn for fylket som heile. Lågast medianinntekt var det i Smøla kommune med 735 000 kroner tett følgt av Kristiansund med 740 000 kroner. Det skil med andre ord 232 000 kroner i hushalda si medianinntekt mellom kommunen med høgast og lågast medianinntekt i fylket. Av dei tre største byane var det i 2023 Ålesund som hadde høgast median hushaldsinntekt med 823 000 kroner.
For hushald beståande av eit par og barn 0-17 år, er medianinntekta høgast i Herøy med 1 453 000 kroner. Til samanlikning er medianinntekta på 1 280 000 kroner for same hushaldet i Surnadal. Det er med andre ord vesentlege inntektsforskjellar mellom ulike kommunar og hushaldstypar i fylket. I 2023 var medianinntekta for åleinebuande høgast i Sunndal med 483 000 kroner, tett følgt av Aukra med 482 000 kroner.
Åleinebuande med sterkast prosentvis vekst i hushaldsinntekta
Frå 2013-2023 hadde åleinebuande ein prosentvis vekst i medianinntekta på 44,8 prosent, dette er den sterkaste veksten av alle typane hushald. Hushald med einsleg mor eller far med barn i alderen 0-17 år hadde i same perioden ein vekst på 39,9 prosent. I kroner og øre var det par med barn 0-17 år som hadde den sterkaste veksten, med ein auke i hushaldsinntekta på 390 000 kroner i perioden 2013-2023.