3. Arbeidsmarknad

Arbeidsplassdekning

Auke i arbeidsplassdekning i 16 kommunar

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel ein kommune. Arbeidsplassdekning på over 100 prosent betyr at talet arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen. Det inneber at arbeidstakarar busett i andre kommunar må pendle inn.

Siste kvartal i 2024 hadde 7 av kommunane i fylket over 100 prosent arbeidsplassdekning. Dette er, i rangert rekkefølge; Molde, Ålesund, Ulstein, Sunndal, Stranda, Herøy og Volda. Størst endring i arbeidsplassdekninga frå 2023 til 2024 er det i Averøy kommune som går frå 74,4 til 79,5 prosent arbeidsplassdekning. Det er vekst i arbeidsplassdekninga i 16 av 26 kommunar frå 2023 til 2024.

Ser vi på utvikling i arbeidsplassdekninga i dei tre byane i fylket, finn vi at denne har vore nokså stabil dei siste ti åra. Molde har ligge rundt 116, Ålesund rundt 109 og Kristiansund rundt 98 prosent. Auken for Ålesund i 2024 kan skyldast at Haram vart skilt ut som eigen kommune igjen frå 1.1.2024.

Kommunane Giske, Gjemnes, Sula og Hustadvika har alle låg arbeidsplassdekning. Dette er kommunar som ligg tett på dei tre største byane i fylket og mange pendlar inn til arbeidsmarknadane i byane. Giske og Gjemnes har lågast arbeidsplassdekning i fylket med 61,8 og 64,5 prosent. Mange av dei yrkesaktive i desse kommunane er avhengig av å pendle ut av kommunen på arbeid.

Totalt for Møre og Romsdal er det ei arbeidsplassdekning på 98,3 prosent. Det betyr at 4 462 personar som bur i fylket har arbeidet sitt ein annan stad i landet. I 2023 var arbeidsplassdekninga i fylket 96,7 prosent, vi har med det hatt ein auke i dekninga på 1,6 prosentpoeng i 2024.

Forrige tema:
Neste tema: