9. Utdanning og kompetanse

Barnehage

Færre barn i barnehagane  

I åra 2015-2024 vart talet på barn i barnehagane i fylket redusert frå 14 162 barn i 2015 til 13 048 i 2024. Ein nedgang på 1 114 barn eller 7,9 prosent.

Talet på barnehagar går ned i fylket

Talet på barnehagar steig i åra etter tusenårsskifte. Hovudårsaken til dette er nok det store barnehageforliket (St.meld. nr. 24 (2002-2003)) som partia på Stortinget inngjekk i 2003. Det var fleire forhold som vart bestemt i dette forliket, mellom anna vart driftstilskotet til dei private barnehagane auka og ikkje minst kom det eit løfte om full barnehagedekning. Det vart òg innført makspris for ein barnehageplass. I 2009 vart retten til barnehageplass heimla i lov (St.meld. 41(2008-2009)). Barnehageforliket gjorde at kommunane måtte legge til rette for fleire plassar, anten ved å utvide allereie eksisterande barnehagar eller bygge nye. I år 2000 var det 302 barnehagar i fylket, noko som auka til 315 barnehagar i 2015. I åra etter 2015 har talet på barnehagar i Møre og Romsdal gått ned. I 2022 var det 264 barnehagar noko som er ytterlegare redusert til 259 barnehagar i 2024. Reduksjonen i talet barnehagar kjem som følge av låge fødselstal, spesielt dei siste 10 åra. Strukturendringar har nok vore naudsynt i mange kommunar.

https://www.ssb.no/utdanning/barnehager/artikler/utvikling-i-barnehagesektoren-etter-barnehageforliket

Venteliste for barnehageplass i mange kommunar

Med heimel i barnehagelova er alle barn sikra barnehageplass. Etter lova har barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt, rett på plass. Dersom barnet fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass frå august. Retten etter barnehagelova har altså sine avgrensingar og mange hadde nok ønskt seg reglar som var endå meir fleksible og tilpassa den enkelte familie sine behov.

I fleire kommunar blir dette med løpande barnehageopptak diskutert. Det betyr at det enkelte barn er sikra plass når familien ønsker det. Dette krev at kommunen heile tida må ha ledig plassar og må då sikre seg i forhold til at bemanninga i barnehagane er innanfor dei normene som er sett av sentrale myndigheiter. Dette gir ekstra kostnader for kommunane, så eit slikt tilbod utover reglane i barnehagelova, må då sjåast i samanheng med alle andre oppgåver kommunane skal løyse.

Fleire av kommunane i fylket har venteliste på barn som ønsker seg plass. I 12 av kommunane var det i 2024 ikkje barn på venteliste. I dei tre største byane er det i Molde flest barn står på venteliste, med 88 barn. I 2024 var det 8 barn på venteliste i Kristiansund og Ålesund. Til samanlikning var det 33 barn på venteliste i Hustadvika kommune.

Forrige tema:
Neste tema: